Historisk arkiv

Kommunestørrelse og kompetanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Nationen 20.08.2010.

Det er korkje realistisk eller ønskjeleg at alle kommunar skal ha sin eigen jurist, skriv statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i dette innlegget.

Det er ein viktig debatt hovudstyremedlem Jon Ole Whist i Norges Juristforbund reiser i Nationen (16.august) om kompetanse i kommunane. Kommunane er sentrale når vi skal vidareutvikle velferdssamfunnet i åra som kjem.

Då er det viktig både med godt politisk leiarskap og gode fagfolk – anten kommunane er store eller små.

Storleik er ikkje svaret
Eg er ikkje samd med Whist i at større kommunar utan vidare vil løyse kompetanseutfordringa.
 
Når det gjeld nokre oppgåver som for eksempel innkjøp, samarbeider mange kommunar. Det gjer at små kommunar får tilgjenge til betre kompetanse enn dei ville ha fått åleine. Interkommunalt samarbeid finn stad også på mange andre område. Slik kan mindre kommunar byggje opp felles fagmiljø.

Eg deler heller  ikkje påstanden til Whist om at ”folk flest har liten befatning med kommunen”. Eg trur ”folk flest” har mykje å gjere med kommunen dei bur i. Dei har difor ei kvalifisert meining om kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Mange har barn i barnehage og skule, mange nyttar  helse- og legetenester, mange har vore i kontakt om byggjeløyve, mange har pårørande i omsorgsbustad eller på sjukeheim, etc.

I tillegg kjem at kommunen har ansvar for infrastruktur som vatn, avløp, renovasjon og elektrisitet. Ikkje minst – mange arbeider i kommunen.

Skal sikre rettstryggleik
Kommunane skal sjølvsagt sikre innbyggjarane rettstryggleik og likebehandling, uavhengig av storleik. Borgarane er langt meir medvetne sine eigne rettar i dag enn for nokre tiår sidan. Men lokaldemokrati og lokal velferd er også nærleik mellom dei styrande og innbyggjarane. Nærleiken gjer at det kan vere lettare for politikarane i mindre kommunar å fange opp synspunkt eller kritikk frå innbyggjarane.

La meg likevel gjere det klart at vi treng eit ordskifte om kommunal kompetanse. Kommunane treng juristar, gjerne med offentleg forvaltning og kommunal rett som spesialfelt. Det er likevel korkje realistisk eller ønskjeleg at alle kommunar skal ha sin eigen jurist. For mange vil ønskje om heiltidsstilling og tilgjenge til større fagmiljø gjere at samarbeid mellom både små og store kommunar vil vere eit langt meir fruktbart spor.