Historisk arkiv

Kompetansearbeidsplassar i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til div. media 26.01.2010.

Me må ta heile Noreg i bruk. Difor går regjeringa i gang med å finne tiltak som gjer at kompetansearbeidsplassar både i privat og offentleg sektor i større grad vert spreidd over heile landet.

Bakgrunnen for at me set ned eit offentleg utval, leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe, er at det me kallar kompetansearbeidsplassar er i ferd med å hope seg opp i Oslo og rundt Oslofjorden.

Det vert fleire med høgare utdanning i byregionane. Me ser også at det har vore størst vekst i statlege arbeidsplassar her. Gjer me ikkje noko, vil veksten i arbeidsplassane framover kome i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar, særleg i Osloregionen. Samstundes veit me at mange har lyst til å etablere seg utanfor pressområda, dersom dei finn interessant arbeid.

Fylgjer opp Soria Moria
Med dette utvalet fylgjer me opp regjeringsplattforma, Soria Moria 2. Der seier den raudgrøne regjeringa at me vil utvikle ein politikk slik at kan ta heile landet i bruk. Ei offensiv tilnærming er nødvendig skal privat og offentleg sektor by på kompetansearbeidsplassar over heile landet. Det bør vere muleg når me no får sterk vekst innanfor spesialiserte, kunnskapsintensive bransjar.

Me må erkjenne at sentraliseringskreftene er tunge. Det er spesielt to faktorar bak utviklinga. Den eine er folkesamansetnaden. Born og unge finst først og fremst i byregionane. Distriktskommunar har relativt fleire eldre innbyggjarar.
 
Den andre gjeld flyttemønsteret. Nettoflyttinga går mot sentrale strok. Men ikkje gløym at nettoflyttinga er resultat av små skilnader mellom to nesten like store straumar. Flyttingane går altså begge vegar.

Spreie kompetansen
Me treng difor fleire regionar, byar og tettstader med nødvendige kompetansearbeidsplassar. Dei skal vere ei motvekt til maktkonsentrasjonen og vekst i Oslo og rundt Oslofjorden.  

Eg ser fram til kva det nye utvalet vil kome fram til. Leiaren, Karen Helene Ulltveit Moe har arbeidd særskilt med desse problemstillingane i si forsking. Saman med professor Victor D. Norman åtvara ho mot dei regionale verknadene av omstilling og globalisering i bladet Samfunnsøkonomen i fjor.

Dei peika på at endringane plasserar god arbeidskraft frå tradisjonelle næringar i distriktsområde på sidelinja. I staden veks dei nye kompetansebaserte verksemdene i første rekkje fram rundt Oslofjorden. Ei utvikling som dei meinar i det lange løp kan føre til ”en økonomisk kostbar, sosialt uheldig og politisk farlig todeling av landet.”

Sikre rekruttering
Utvalet skal gjere fleire ting.

  • fremje tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar vert spreidde over heile landet
  • vurdere tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta
  • byggje forslaga på kunnskap om korleis slike arbeidsplassar blir lokaliserte, rammevilkår for lokalisering og korleis rekruttering finn stad
  • vurdere konsekvensar av tiltaka på arbeidsmarknaden.

Gjennom ei aktiv tilrettelegging bør me få spreidd slike arbeidsplassar betre enn i dag. Både større byområde utanfor Osloregionen, småbyar og mindre sentra må få sin del av ein slik vekst.

Eg vonar at utvalet kan seie noko om kva desse stadene må gjere for å trekke til seg kunnskapsintensive og spesialiserte arbeidsplassar.

Me treng også ei anna tilnærming til korleis statlege verksemder effektiviserar og samlar fagmiljøa sine. Dei seinare åra har statlege arbeidsplassar vore konsentrert færre stader. Andre stader har det vore ein reduksjon i breidde og omfang i arbeidsmarknaden. Dette gjeld mange typar arbeidsplassar, ikkje berre kunnskapsintensive.

Eg har vanskeleg for å sjå grunngjevinga for ei slik utvikling. Ho står i strid med eit sjølvsagt politisk mål om å sikre at heile landet blir teke i bruk.

Må utvikle landet
Me treng god utnytting av ressursane våre, anten me snakkar om dei i naturen eller dei menneskelige. Det kan me berre få viss me utviklar heile landet.

Dei meldingane eg har fått på dei første av ei rad motmaktmøter eg har invitert til, mellom anna i Bergen, Bodø, Gjøvik og Bø, har stadfesta at det er nødvendig med ein pågåande politikk på dette området.

Det er korkje effektivt, fornuftig eller ønskjeleg å klumpe seg saman i pressområda rundt Oslofjorden. Det er eg viss på at heile landet er samd med meg i.