Historisk arkiv

Makt, motmakt og mulegheiter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget ble sendt til Dagbladet 28.04.2010.

SENTRALISERING: Eg har vore på motmaktmøte i Bergen, Bodø, Gjøvik, Trondheim og Bø i Telemark, med siste akt i Operaen. Der var det uro over sentralmakta og andre sterke maktmiljø, men også tru på regionale krefter, som møtte meg.

La meg først gjere det klart at dette aldri har vore ein kampanje mot innbyggjarane i Oslo. Det er eit forsøk på å reise ein debatt om kva slags samfunn Noreg skal vere om nokre tiår, og kva som er sentrale utviklingstrekk no. Då er det umuleg ikkje å ta stilling til maktopphoping og haldningar i maktmiljø i Oslo, og spenninga sentrum periferi.

DEBATTEN OM MAKT, motmakt og Oslo har ”rast” i ulike medium den siste veka.
Eit friskt ordskifte er bra, og ei sak står ofte best på spissen. Problemet er at viktige nyansar kan bli borte. Til dømes, kva var det som verkeleg fann stad på desse omdiskuterte motmaktmøta?

Sjølvsagt kom det kritiske merknader mot Oslo-makta på møta som starta i januar, men mest av alt gjekk ordskiftet om lokale og regionale utfordringar, samspel og utvikling.

EG FEKK KONSTRUKTIVE innspel som til dømes uroa over mangel på kapitaltilgang, og at for mykje av finansmakta er sentralisert i Oslo. Ein må prioritera moderne samferdsel og fiberband med høg hastigheit.
Det trengs attraktive arbeidsplassar til høgt utdanna over heile landet Lokalsamfunna må vere levande og inkluderande, tilby gode tenester, kultur, oppvekstvilkår. Og at Oslo-gryta har for mykje definisjonsmakt og ikkje ser heile Noreg.

Dei enkeltpersonane eg fekk snakke med, styrkja meg i trua på at me er best tent med at me legg vinn på å nytte dei ressursane me har over heile landet. Både dei som er i naturen, men først og fremst dei som er hos det enkelte menneske.

Det er mellom anna difor regjeringa har sett ned eit eige utval, leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe. Utvalet skal foreslå korleis me kan sikre betre spreiing av kompetansearbeidsplassar over heile landet.

Fordi eg er oppteken av dette, er eg også var overfor haldningar og avgjerder frå sentralmakta i Oslo. Nokre av desse er prega av ei undervurdering av, eller fordommar mot, det som ikkje finn stad i Oslo-gryta.

DEBATTEN DEI siste dagane har stadfesta at det finst myter og fordommar både i by og bygd. Men skal me ha ein fornuftig debatt om korleis me vil at Noreg skal utvikle seg, treng me ikkje slike innspel. Me treng heller ikkje ein debatt prega av at utviklinga er uomgjengeleg. At flyttinga berre går ein veg. At bygda og dei mindre byane har tapt for storbyane, og at desse igjen er dømt til mindre vekst enn dei ekspansive områda rundt Oslofjorden.


Eg trur det er rett å snakke om, slik det blei gjort på fleire av møta, ein tendens blant mange menneske til å ønske seg ut av pressområda. Ikkje fordi byen er fæl og landlivet romantisk. Det heng nok meir saman med ei realistisk vurdering av kva som gjer kvardagen leveleg og attraktiv.

MINDRE SAMFUNN kan vere eit alternativ for mange. I det moderne Noreg er det muleg både å ha ein fot i det urbane og ein fot i småbyen eller på bygda.

Eg skal bruke dei innspela eg har fått til å vidareutvikle ein aktiv politikk for distrikt og regionar. Heilt sentralt i ein slik politikk er godt samspel mellom sterke byar og deira omland og sjølvmedvetne regionar som ser eigne mulegheiter.