Historisk arkiv

Me treng innovative distrikt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Drammens Tidende 01.12.2010.

- Me ønskjer ikkje eit todelt næringsliv i Noreg, med eit ”tradisjonelt” i distrikta og eit innovativt og internasjonalt konkurrerande i sentrale strok, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette tilsvaret.

Innovasjon Norge (IN) har vært mykje diskutert i haust, ikkje minst etter evalueringa som blei lagt fram i august. Problemet med debatten, og tysdagens artikkel her i avisa, er at den i stor mon baserer seg på ei feilaktig tolking av dei oppgåvene IN faktisk har. For meg seier artikkelen at IN i det store og heile fungerer slik det skal.

Me treng alltid eit kritisk søkjelys på statlege ordningar, men då er det viktig at debatten baserer seg på eit riktig faktagrunnlag.

Utvikling i heile landet
Eg finn grunn til å slå fast at IN har som formål å fremme samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling i heile landet. For å bidra til dette har IN til rådvelde eit sett med landsdekkjande verkemiddel der nyskaping og innovasjon står sentralt som strategi.

Fordi føresetnadene for å drive næringsverksemd i distrikta ofte er meir utfordrande enn i sentrale strok m.a. på grunn av store avstandar, små miljø og vanskelegare tilgong på kapital, er det utvikla eit sett med distriktspolitiske verkemiddel i tillegg til dei landsdekkjande.

Då kan ein ikkje i neste omgang skulda IN for å leggje for stor vekt på distriktspolitikken. Dette er eit resultat av politiske prioriteringar som vil gagne heile samfunnet. Det er òg grunn til å minne om at IN er utvikla på grunnlag av Distriktenes Utbyggingsfond og SND (Statens Nærings og Distriktsutviklingsfond).

Ikkje tradisjonelt
Dei som meiner at pengane blir brukte til å halde liv i gårsdagens næringsliv, har ikkje fått med seg korleis næringsutvikling i distrikta fungerer. Distrikts- og regionalpolitikken stimulerer til entreprenørskap, innovasjon og nyskaping. Effektar og resultat frå alle tiltak blir målt i ettertid, og det er lite grunnlag for påstandar om at det ikkje finst nyskapande bedrifter i Distrikts-Noreg.

Når eg reiser rundt i distrikta, slår det meg kor mange innovative bedrifter og menneske som finst der, òg i Hallingdal. Mange menneske vil utvikle eigne verksemder utanfor dei mest sentrale stroka. Ei utfordring desse møter er å finne startkapital og investorar. Då må samfunnet ha gode ordningar for å hjelpe dei i gang.

Ikkje del landet
Me ønskjer ikkje eit todelt næringsliv i Noreg, med eit ”tradisjonelt” i distrikta og eit innovativt og internasjonalt konkurrerande i sentrale strok. Det vil kunne føre til ei uheldig deling av landet i ein situasjon der vi treng å samarbeide meir om nyskaping og utvikling.

Innovasjon Norge handterer politiske verkemiddel på vegner av fleire oppdragsgjevarar (departement og fylkeskommunar) som igjen har ulike mål. Då IN vart oppretta i 2004 var det med tanke på at brukarane, næringslivet, skulle ha ”ei dør” å gå til for å få hjelp, uavhengig av kva slags prosjekt ein hadde i veska. Ei oppsplitting av IN, i ein nyskapingsdel og ein distriktsutviklingsdel, trur eg difor ikkje er vegen å gå.

Dette er også grundig vurdert i evalueringsrapporten, som dokumenterer dei faglege og administrative fordelane ved eit samla selskap.