Me vil byggje kompetansemiljø i alle regionar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Tale/innlegg | Dato: 08.03.2010
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Innlegget blei sendt til Dagens Næringsliv 02.03.2010.
Leif Kvernes kommenterer i DN 26. februar innlegget mitt om kompetansearbeidsplassar. Han freistar på merkeleg vis å vri bodskapen om at me treng ei balansert utvikling av Noreg til ein diskusjon om kvifor mellom anna landbrukssamvirket har så mange tilsette i Oslo.
Det ligg ikkje til kommunal- og regionalministeren å avgjere kvar dei fleste av dei arbeidsplassane Kvernes reknar opp skal liggje. Men nokre av dei kunne sikkert ha vore plassert utanfor Osloregionen.
Det eg er oppteken av no er få innspel frå det nye utvalet, leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe. Eg vonar at utvalet kan seie noko om kva stader utanfor Oslofjordregionen må gjere for å trekke til seg kunnskapsintensive og spesialiserte arbeidsplassar. I ei tid med vekst innanfor spesialiserte, kunnskapsintensive bransjar bør det være muleg.
Når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar, er regjeringa klar på at me vil ha ei god geografisk fordeling av slike arbeidsplassar. Hovudregelen er at nye statlege arbeidsplassar skal lokaliserast utanfor Oslo. Det vil me sjølvsagt fylgje opp.