Motmakt, eit ømt punkt for VG?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Tale/innlegg | Dato: 22.04.2010
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Innlegget ble sendt VG 22.04.2010.
Kommentaren ”Populistisk pølsevev” i VG onsdag stadfestar mange av mine poeng om korleis makta i Oslo kan te seg overfor resten av Noreg. Avisa tviheld på si definisjonsmakt når ho stemplar min invitasjon til debatt om utviklinga i Noreg som ”agrarpopulistisk oppgulp”.
Skulle eg gje meg inn på ein debatt med VG på deira premisser, slik dei kjem fram i kommentaren onsdag, ville det bere heilt galt avstades.
Det er mellom anna slike haldningar som fekk redaktør Ove Mellingen i Telemarksavisa, i samband med motmaktmøtet i Bø, å skrive at ordskiftet i Norge er fattig og sneversynt.
Toler ikkje avisa at eg bringar inn andre perspektiv og tillett meg å spissformulere samfunnskritikk?
Eg undrast på kor mange ømme tær sentrale kommentatorar kan ha i det som skal vere Noregs største riksdekkjande avis?
Møteserien om motmakt og regional utvikling har vore samtalar om korleis Noreg skal utvikle seg i dei neste tiåra. Det handlar ikkje om me er for eller mot Oslo kommune og innbyggjarane der.
Men i ein slik debatt er det umuleg ikkje å ta stilling til maktopphoping i Oslo og spenninga sentrum periferi.
På møta i Bodø, Bergen, Trondheim, Gjøvik, Bø og no sist Oslo, har eg vore oppteken av å få innspel på kva som fremjar utvikling i heile Noreg.
Møta har stadfesta at me har distrikt og regionar med ambisjonar, ressursar, kompetanse og utviklingskraft. Samstundes er det også uro og irritasjon knytt til makta og haldningar i hovudstaden.
VG gjer sitt beste for å halde denne irritasjonen vedlike.
Ein debatt om grunnleggjande utviklingstrekk og samspelet by og land, er viktig for utvikling av næringsliv, likeverdige levekår og verdiskaping i heile landet.
Då er det synd at VG ikkje vil vere med.