Historisk arkiv

Mytar om kommunestruktur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenposten 11.11.2010.

- Eg tek meir enn gjerne debatten om korleis me skal sikre velfungerande kommunar i åra som kjem. Men la ordskiftet vere basert på fakta, ikkje mytar og manglande innsikt i norsk geografi og samfunnsstyring, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i denne kronikken.

Ordskiftet om kommunestruktur er prega av mytar, enkle oppfatningar om effektivitet og at mange synest å ha gløymd korleis Noreg ser ut.

Det er bra at me set kommunal organisering og tenester under debatt. Då er det naturleg at me snakkar om kommunestruktur, storleik og kva for velferdsutfordringar kommunane står overfor.

Likeverdig over heile landet
Me skal ha eit likeverdig tenestetilbod i heile landet. Samstundes må me ikkje snevre debatten inn til berre å handle om mest muleg effektiv velferdsproduksjon.

Djupast sett handlar dette om å ta vare på og utvikle Noreg. Styrken i det norske samfunnet ligg i at me bruker heile landet. Slik får me det beste ut av ressursane i naturen, i kulturen og i menneska.

For å få det til, treng me sterke kommunar, som sikrar ei god organisering av kvardagslivet til innbyggjarane, også der det er spreidd busetnad. Men me treng også kommunar som er i stand til å drive lokal utvikling, sikre lokal identitet og vere den lokale motoren.

Difor er det nødvendig med eit mangfaldig kommune-Noreg.

Mange mytar
Frå mange hald er det nytta til dels sterke ord om at me har ein udemokratisk og nærast skadeleg kommunestruktur.

Det blir hevda at storleiken på kommunar er eit problem, anten det gjeld rekruttering, kvalitet på tenestene, rettstryggleik eller demokrati og innsyn.

Eg tek meir enn gjerne debatten om korleis me skal sikre velfungerande kommunar i åra som kjem. Men la ordskiftet vere basert på fakta, ikkje mytar og manglande innsikt i norsk geografi og samfunnsstyring.

Myte ein, rekruttering og kompetanse
Rekruttering av dyktige medarbeidarar er ei generell utfordring. Både små og store kommunar slit. I den grad det er ein skilnad, verkar sentralitet å vere ei større utfordring enn storleik. Med mindre ein vil flytte innbyggjarane, er ikkje samanslåing noko løysing.

Likevel kan dei minste kommunane ha fagmiljø som er i minste laget. Difor finn stadig fleire kommunar saman over grensene, til dømes innan barnevern, for å sikre kvalitet og kompetanse.

Lat oss heller ikkje gløyme at det er svært mykje kompetent arbeidskraft i kommunane. Dei står for over to tredelar av den offentlege velferda i landet.

Myte to, kommunesamarbeid trugar demokrati
Interkommunalt samarbeid er ikkje noko trugsmål mot demokrati og folkevald styring. Det står for ein svært liten del av dei samla driftsutgiftene. Dei kommunale kjerneoppgåvene, helse, omsorg, skule og barnehage, blir drivne av den einskilde kommune.

Dessutan er det heller ikkje meir interkommunalt samarbeid i små enn i store kommunar.

For politikarane gjeld det å leggje rammer og kontrollere at dei ulike oppgåvene blir løyst på ein god måte. Administrasjonen skal utføre oppgåvene. Så må kommunane sikre innsyn og kontroll med desse prosessane.

Nærleik til innbyggjarane sikrar kontroll og tilpassing av tenester og tilbod. Større kommunar gir større avstand mellom veljar og folkevald.

Myte tre, færre er billigare
Ein annan myte er at færre kommunar vil gi betre og billigare tenester. Kommunegrenser kostar ikkje pengar. Det er det busetnadsmønsteret som gjer. Det er heller ikkje administrasjonskostnadene i dei minste kommunane som tynger driftsbudsjetta.

Om innbyggjarane i kommunar med spreidd busetnad skulle bli flytta til nokre få oppsamlingsstader for velferdstenester, ville me fått ei kraftig sentralisering. Landet ville blitt noko heilt anna enn det Noreg me kjenner i dag.
Myte fire, for små for utfordringar
Ein fjerde myte er at kommunane ikkje kan takle utfordringar, som til dømes samhandlingsreforma. Slike innvendingar har vore fremja i over hundre år. Samstundes har kommunane vist at dei kan omstille og utvikle seg i takt med nye velferdsoppgåver.

Me har sett det i samband med lokale helsetilbod. Det er distriktsmedisinske sentra, til dømes i Hallingdal, Valdres, Fosen og Dalane, som er modell for samhandlingsreforma. Kommunar av ulik storleik har saman utvikla lokale løysingar som sikrar nærleik, kvalitet og effektiv ressursbruk.

Myte fem, manglande rettstryggleik
Ein femte myte er at små kommunar ikkje gjev innbyggjarane rettstryggleik. Me har ei solid lovfesting av velferda. Me har eit omfattande klage- og kontrollapparat på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Det skal fange opp tilfelle der det er mistanke om svikt i tenestene. Ja, me får meldingar om svikt i små kommunar, som me av og til også får større kommunar.

Mitt utgangspunkt er at eg har tillit til at kommunane veit kva rettar innbyggjarane har og kva ansvar som  fylgjer med dei ulike oppgåvene.

Frivillig, ikkje tvang
Både eg, Senterpartiet og regjeringa er open for samanslåingar. Men utgangspunktet må vere frivillige prosessar og lokale initiativ. Eg har i dei mange ordskifta den siste tida merka ei mistru overfor mindre kommunar og overdriven tru på sentralstyring, spesielt frå miljø i hovudstaden.

Det er ikkje ei slik tilnærming som gir oss lokalsamfunn som sikrar god velferd, verdiskaping og ei busetjing som utviklar Noreg.