Norsk distriktspolitikk verkar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Innlegget blei sendt til Stavanger Aftenblad 29.10.2010.
Tale/innlegg | Dato: 03.11.2010
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
- Eksportnæringane i Noreg er i stor grad lokalisert i distriktsområde. Dei er støtta gjennom ein aktiv distriktspolitikk som sikrar gode rammevilkår for næringslivet i heile landet, blant anna gjennom differensiert arbeidsgjevaravgift og utbygging av betra infrastruktur, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette tilsvaret.
22. oktober refererer Stavanger Aftenblad frå oljemessa i Stavange der fem danske framtidsforskarar teikna ulike scenario for Noreg som olje- og gassnasjon i framtida.
Avstandar kostar
Dei danske forskarane kom også med påstandar om norsk distrikts- og regionalpolitikk. Kostnadssluk og drivne av subsidiar, blei det hevda.
Dette stemmer ikkje. Noreg er annleis enn Danmark. Geografi og avstandar gir utfordringar og meir kostbart drift enn det danskane kjenner. Likevel er produktiviteten høg og innovasjonskrafta god.
Danskane vil lære distriktspolitikk
Samtidig er det nett evna til å utnytte dei naturgjevne ressursane i heile landet som har lagt grunnlaget for den velstanden me har i dag.
Eksportnæringane i Noreg er i stor grad lokalisert i distriktsområde. Dei er støtta gjennom ein aktiv distriktspolitikk som sikrar gode rammevilkår for næringslivet i heile landet, blant anna gjennom differensiert arbeidsgjevaravgift og utbygging av betra infrastruktur.
Det er kanskje difor min danske kollega kom til Noreg for å lære om norsk distriktspolitikk. Den danske regionalminister ser på denne som særs vellukka. Han vil lære for å møte utfordringane i Danmark.
Krevjande omstillingar
Det er store omstillingar i næringslivet. Økonomane Victor Normann og Karen Helene Ulltveit-Moe har peika på dei negative effektane av omstillinga. Nedleggingar og omstillingar på mindre stader har sett mange menneske utanfor arbeidsmarknaden. Det har vore vanskeleg å skape nye arbeidsplassar.
Dette skapar store kostnader for samfunnet som dei danske forskarane ser ut til å gløyme i reknestykket. Ei god spreiing av arbeidsplassar i heile landet er avgjerande for framtidig høg verdiskaping og sosial likskap.
Spreie kompetansearbeidsplassar
Difor har regjeringa sett ned eit utval som skal kome med forslag på korleis me kan oppnå betre spreiing av slike kompetansearbeidsplassar. Me har auka innsatsen for å sette lokalsamfunn betre i stand til å drive utviklingsarbeid, og me er oppteken av å skape sterke regionar som kan bidra til at me framleis kan halde landet i hevd.