Historisk arkiv

Oslo treng motmakt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Adresseavisen 11.02.2010.

Korleis skape regional balanse i arbeidsplassar og makttilhøve? For å få innspel til dette, inviterer eg til møte i Trondheim i dag.

Trøndelag er ein sjølvmedveten landsdel. Dei historiske tradisjonane pregar tenkinga i dag også. Ambisjonane er høge. Planane om eit maritimt senter i Trondheim er berre eitt døme på det.

Trøndarar er ikkje så trege
Trønderane har også tradisjon for å tenkje nytt om organisering av offentleg sektor. I januar vitja eg kontaktkonferansen hos fylkesmannen i Nord-Trøndelag. Politikarar og offentleg tilsette fortalde om kva dei gjer for å sikre ein betre offentleg sektor. Stikkord var samhandlingsreform, regionalt samarbeid og kommunesamarbeid.

Dette er eit godt utgangspunkt for å diskutere makt, motmakt og regional utvikling. Eg har allereie vitja Vestlandet, Innlandsfylka og Nord-Noreg for å diskutere dette. Seinare ventar Telemark.

Makta i Oslo
Bakgrunnen for at eg har invitert til ordskiftet er enkel. Meir enn fire år som statsråd har gjort meg overtydd om at det i hovudstaden er makt og haldningar som resten av Noreg ikkje kan oversjå.

Som kommunal- og regionalminister står arbeid med levande lokalsamfunn, distrikt og regionar på arbeidslista mi kvar dag. Det er sjølve kjernen i mitt politiske virke.

Reell fridom til busetjing er regjeringa si målsetting. Det er ambisiøst. Men me har ikkje noko alternativet. Skal me ikkje kunne velje kvar me vil busetje oss?
For å sikre valfridomen vil regjeringa ha ei betre fordeling av kompetansearbeidsplassar i landet. Nyleg sette me ned eit utval som skal vurdere grunnlaget for ei betre fordeling av desse arbeidsplassane.

Demokratiet blir styrka om makt blir møtt med motmakt og ved at me grip fatt i kreftene bak sentraliseringa. Då treng me også eit offentleg ordskifte. Me må vere medvetne dei kreftene som verkar inn på utviklinga av samfunnet.

Treng bymotorar
La meg likevel presisere. Me treng ein velfungerande og aktiv hovudstad. Me treng byar som Trondheim, Steinkjer og Namsos og kraftfulle tettstader. Dei er viktige motorar i utviklinga av regionen, i samspel med omlandet.

Markante stader er nødvendig for å drive fram gode regionale identitetar. Og me vil ha innbyggjarar frå Trøndelag som veit kva dei kan bidra med og som forstår verdien av samarbeid.

Eg trur ikkje på enkle svar i eit slikt ordskifte. Difor vil eg ha ein samtale med lokale og regionale aktørar om kva som fungerer og kva me må gjere annleis.