Historisk arkiv

Oslo treng motmakt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til div. aviser i Telamark, Agder og Buskerud 26.02.2010.

Kan me få eit meir vitalt ordskifte om korleis me utviklar heile landet?

Det har eg spurt meg etter at eg tok over som kommunal- og regionalminister. Ei rad møte om makt, motmakt og regional utvikling er eit forsøk på å få det til. I dag inviterer eg til møte i Bø i Telemark.

Makta i Oslo
Bakgrunnen for eit slikt ordskiftet er enkel. Meir enn fire år som statsråd har gjort meg overtydd om at det i hovudstaden er makt og haldningar som resten av Noreg ikkje kan oversjå.
Arbeid med levande lokalsamfunn, distrikt og regionar står på arbeidslista mi kvar dag. Det er sjølve kjernen i mitt politiske virke.
Då er innspel frå ein region som omfattar Telemark, Agder-fylka og Buskerud viktig. Her er det tradisjon for tung industri, nyskaping og entreprenørskap. Ikkje minst er det mange spennande døme på korleis tradisjonsrik verksemd kan bli brukt til å skape nye arbeidsplassar.

Nasjonal samtale
Eg har hatt tilsvarande møte på Vestlandet, i Nord-Noreg, Midt-Noreg og indre Austland. Det vantar ikkje på gode innspel om korleis me kan utvikle lokalsamfunn og regionar. Men altfor sjeldan får desse innspela plass i den store nasjonale samtalen. Det er ikkje noko mål i seg sjølv, men me treng ein brei debatt om korleis me skal sikre at heile landet blir teke i bruk.

  • Har me dei riktige verktøya? Korleis kan regjeringa bidra til ei meir balansert utvikling mellom byane og distrikta?
  • Kva kan byregionane og områda utanfor Oslo gjere for å ta opp kampen om dei beste hovuda med Oslo?
  • Bør regionane spele meir på lag i saker der dei har felles interesser?

Må vere ambisiøs
Reell fridom til busetjing er regjeringa si målsetting. Det er ambisiøst. Men kva er alternativet? Skal me ikkje kunne velje kvar me vil busetje oss? Er det ikkje det som gjer at Noreg kan utnytte dei fortrinn me har - både dei som ligg i naturen og dei som ligg i menneska?

For å sikre valfridomen vil regjeringa  m.a. ha ei betre fordeling av kompetansearbeidsplassar i landet. Nyleg sette regjeringa ned eit utval som skal vurdere grunnlaget for ei betre fordeling av desse arbeidsplassane.

Demokratiet blir styrka om makt blir møtt med motmakt og ved at me grip fatt i kreftene bak sentraliseringa. Då treng me også eit offentleg ordskifte. Me må vere medvetne dei kreftene som verkar inn på utviklinga av samfunnet.

Treng bymotorar
La meg likevel presisere. Me treng ein velfungerande og aktiv hovudstad. Me treng byar og kraftfulle tettstader. Dei er viktige motorar i utviklinga av regionen, i samspel med omlandet.

Markante stader er nødvendig for å drive fram gode regionale identitetar. Og me vil ha innbyggjarar frå Telemark, Buskerud og Agder som veit kva dei kan bidra med og som forstår verdien av samarbeid.
Eg trur ikkje på enkle svar i eit slikt ordskifte. Difor vil eg ha ein samtale med lokale og regionale aktørar om kva som fungerer og kva me må gjere annleis.