Historisk arkiv

Osloregionen som drivkraft for heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Foredrag for rådsmøtet i samarbeidsalliansen Osloregionen 01.06.2010.

- Å møte dykk, blir mest som å snakke til eit tverrsnitt av norske kommunar. Så mangfaldig og variert er Osloregionen, slik han er definert gjennom samarbeidsalliansen, og slik eg i hovudsak nyttar omgrepet i innlegget mitt.

Tusen takk for invitasjonen! For meg som kommunal- og regionalminister vil eit møte med eit samarbeidsråd eller regionråd, uansett kvar det er, vere viktig.

 


Men det seier seg sjølv at eit råd som representerer over 1,7 millionar innbyggjarar, 57 kommunar. Ein tredel av innbyggjarane i landet, i eit avgrense, men variert område, står i ei særstilling.

Eg ser difor fram til ein god debatt – med utgangspunkt i det som er temaet mitt her i dag - ”Osloregionen som drivkraft for heile landet”.
 
Å møte dykk, blir mest som å snakke til eit tverrsnitt av norske kommunar. Så mangfaldig og variert er Osloregionen, slik han er definert gjennom samarbeidsalliansen, og slik eg i hovudsak nyttar omgrepet i innlegget mitt.

  • Kva for utfordringar og mulegheiter har så denne regionen?
  • Kva kan regionen bety for resten av landet?
  • Og kva har denne regjeringa har gjort for regionen?


Det blir nokre av dei sakene eg vil kome innom. Men aller først:

Det er ærefullt for ein kommunal- og regionalminister å kunne tale i Oslo rådhus. Det er ei storstue for lokaldemokratiet og eit symbolbygg for nasjonen.

La meg då klargjere kva eg meiner om Oslo og regionen når eg er her - nokon vil seie i løvens hole - etter ein frisk debatt dei siste vekene om makt og motmakt.

No trur eg ikkje usemja var så stor mellom dei av oss som deltok i ordskiftet. Dei fleste av oss lever vel etter det valforskar Henry Valen eingong sa: Noreg er eit så lite land at me ikkje har råd til å vere forbanna på folk meir enn 14 dagar. Då er me avhengige av dei igjen.

Ordskiftet hadde utspring i seks møte om motmakt og regional utvikling, halde i vinter og vår. Føremålet var å få innspel om korleis me skal utvikle landet og sikre god regional balanse i framtida.

Møta i Bergen, Bodø, Trondheim, Gjøvik og Bø ga mange gode innspel, men riksmedia brydde seg lite. Dette endra seg då me kom til Oslo. Her held definisjonsmakta hus.

Så nærsynt kan rikspressa vere. Det er først når me reiser ordskiftet i hovudstaden at reaksjonane kjem. I seg sjølv ein god illustrasjon på problemstillinga.

Ein del av som er skrive og sagt etter møtet i Oslo blei nokså misvisande. Ein kunne til dømes få inntrykk av eg driv ein kampanje mot Oslo og innbyggjarane her. Det er sjølvsagt ikkje riktig.

Det eg vil ha, er ein debatt om kva Noreg skal vere om nokre tiår, og kva som er dei sentrale utviklingstrekka no. Då må me ta stilling til makt og meiningar i Oslo, og til den klassiske spenninga mellom sentrum og periferi.

La meg difor, her i Oslo rådhus, understreka at ein god hovudstad, og ein velfungerande region rundt, er avgjerande viktig for resten av Noreg. Eit godt døme på dette er Den norske opera og ballett i Bjørvika.

Ein ting er at eg er stolt over å vere i same parti som tidlegare kulturminister og senterpartileiar Anne Enger. Det var ho som dreiv den endelege avgjerda gjennom, sjølvsagt med gode medspelarar lokalt og nasjonalt.

Men Operaen betyr også mykje for innbyggjarar over heile landet, sjølv om bygget altså ligg i Oslo. Operaelskarar, anten dei bur i Harstad eller Haugesund, kjenner at dette bygget også er deira. Ein suksess i hovudstaden, kan vere ein suksess i heile landet. Og i dette tilfellet, langt utover landegrensene.

Så trur eg at den aktuelle debatten om regional balanse og korleis sterke byar kan vere motor og medspelar for omlandet sitt, er like viktig for denne samarbeidsalliansen som han er for Noreg.

Kvifor det? Jo, fordi det dreier seg om kva me klarer å hente ut av dei ressursane me har i eit område. Korleis me – i fellesskap - utviklar fortrinn, handterer ulemper og taklar motsetnader me eventuelt måtte ha.

Samarbeidsalliansen har ambisiøse mål. De vil vere synleg nasjonalt og internasjonalt, utvikle verdiskaping og kompetanse, satse på samarbeid om samferdsle, utbygging og det de kallar sosial infrastruktur.

De har utvilsamt mykje felles, men har sjølvsagt også sprikande interesser. 

Samferdsleområdet er eit døme på kor vanskeleg det kan vere å sameine synspunkt og finne løysingar over kommune- og fylkesgrenser. Sjølv når målet burde vere det same. Kva kan så gjere Osloregionen til ei drivkraft for heile landet? Eg har ikkje noko svar som me kan setje to strek under.

Eg trur ikkje at regionen i det daglege skal vere så oppteken av resten av landet. Det viktigaste de kan gjere er å utvikle løysningar som fungerer for denne samarbeidsalliansen.

Då handlar det om dyrke sine styrker og fordelar. De må vere stolte av det de kan by på, og ta den plassen de meiner dykk fortener, sjølv om det kjem protestar frå andre deler av Noreg.

Så ambisiøse må de vere, viss de vil konkurrere om internasjonal merksemd. Noko eg er oppteken av at de kan og bør gjere. Oslo og regionen rundt må vere ein hovudstad som er synleg i Europa.

Samstundes må de vere rause. Internt – fordi det er store skilnader mellom deltakarane i samarbeidsalliansen. Og eksternt. Me som kjem frå andre stader skal tåle ein sjølvmedveten hovudstad og ein kraftfull region rundt. Me skal bli inspirert til å konkurrere, men også samarbeide og lære av erfaringane.

Samstundes som Oslo og områda rundt må tole konkurranse frå andre større byar og regionar i Noreg. Er du sterk har du også råd til å vere raus. Det er ikkje nokon motsetnad mellom å lukkas i Osloregionen og lukkast andre stader.

Det er inga tvil om at Osloregionen representerer mykje verdefullt.

Regionen har store FoU- og kompetanseressursar. Her er sterke universitet, høgskuler og forskingsinstitutt. Arbeidskrafta er høgt utdanna og internasjonalt orientert. Næringsliv og kulturliv er allsidig og kunnskapsintensivt.

Samstundes er mange av desse institusjonane og verksemdene avhengig av å levere kunnskap, tenester og varer til heile Noreg.

Det er dette som i ein analyse frå 2005 blei kalla den gjensidige bindinga.

Analysen blei utført av KRD i samarbeid med Oslo kommune og Akershus fylkeskommune, som eit ledd i arbeidet med hovudstadsmeldinga. Rapporten heiter ”Osloregionens muligheter for næringsutvikling i et internasjonalt perspektiv”.

Legg merke til at ordet hovudstad på nynorsk og på svensk tek utgangspunkt i eit hovud. Eit særs viktig organ, men som er avhengig av resten av kroppen, slik Oslo er avhengig av resten av landet.

Analysen peiker på at det er ei utfordring å få realisert potensialet for utvikling her, og å få styrkja dei næringsmiljøa som har best mulegheit for å konkurrere internasjonalt. Her må næringsliv og offentleg sektor arbeide saman, og vere på leit etter forbetringar. 

Eit resultat kan me sjå i satsinga på kompetanseklyngar, slik Oslo Teknopol har gjort med utgangspunkt i sterke internasjonale næringsmiljø.

Oslo Cancer Cluster er eit anna godt døme på ei spennande satsing, som både set regionen og eit viktig forskingsfelt på kartet.

Me har universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, forskingsmiljøet på Kjeller og høgskulene i Østfold, Nedre Buskerud og Nordre Vestfold.

Men regionen har store utfordringar knytt til vekst. Her er den største veksten i folketalet i landet. Det legg press på velferd, levekår, samferdsel og anna infrastruktur.

Det er både i lokal, regional og nasjonal interesse å få handtert denne veksten.

  • Lokalt, fordi innbyggarane krev sitt av lokalsamfunna.
  • Regionalt, fordi det er ein stor felles arbeidsmarknad med mykje intern pendling og mulegheiter for oppgåveløysing over kommune- og fylkesgrenser.
  • Nasjonalt, fordi resten av landet er avhengig av at Osloregionen fungerer.  Ikkje minst på samferdslesida.

Som kommunal- og regionalminister har eg ein aksje i regjeringa sitt arbeid med nyskaping og entreprenørskap. Noreg og serleg Osloregionen kan vise til høgt entreprenørskapsnivå. Etableringsrata vitnar om ein kultur som er positiv til næringsverksemd og nyskaping. 

Likevel viser ulike utredningar og statistikk at Oslo har mindre innovasjon enn me kunne forvente. Potensialet for nyskaping er stort, men resultata kunne altså vore betre.

I ein artikkel i tidskriftet Plan (nr 1/2010) slår forskaren Knut Onsager frå NIBR fast: Til tross for at hovudstaden har svært store FoU- og kompetanseressursar og er spesialisert i bransjar innanfor kunnskapsintensive tenestar, så er innovasjonsratane berre moderat høgare enn i andre regiontypar i landet. Og dei er lågare enn andre nordiske hovudstader. 

KRD har finansiert Storbyprosjektet med deltakarar frå Oslo og fem andre norske storbyar. Prosjektet skulle syne kva rolle storbykommunane har for å auke innovasjon og næringsutvikling, og kva som må til å styrkje rolla deira som motor for regional og nasjonal innovasjon.

Prosjektet har auka merksemda om dei ulike innovasjonssystema og næringsklyngene som storbyane er ein del av, og om korleis dei regionale effektane kan bli styrka.

Storbyprosjektet er no avslutta. KRD vurderer i samarbeid med mellom anna Innovasjon Norge korleis erfaringane frå Storbyprosjektet kan nyttast vidare. Me vil gjerna ha innspel frå dykk om kva som skal til for å betre innovasjon og nyskaping.

No er det avgjerande at FoU-sektoren, næringsliv og lokale og regionale myndigheiter maktar å omsetje kunnskap og idear i hovudstadsregionen til nyskaping og verdiskaping. Onsager peiker i sin artikkel på at det i Noreg er små skilnader i innovasjonsevna i ulike regiontypar og mellom store og små byar.

Men det er større skilnader i FoU-ressursar, radikal (forskingsbasert) innovasjon, nyetableringar og internasjonalt samarbeid.

Forskaren meiner det både er næringsgeografiske og politiske tilhøve som bidreg til eit regionalt balansert innovasjonsmønster i Noreg. Det gjer det sjølvsagt enno viktigare med samarbeid og samspel mellom ulike regiontypar, store og små sentra og mellom regionar.

Både regionale og nasjonale politikare må bli tydelege på korleis dei ser på denne arbeidsdelinga. Me må snakke meir om dette.

Kva har så regjeringa gjort for denne regionen?

Me meiner sjølvsagt at ei systematisk betring av kommuneøkonomien har styrka dei einskilde kommunane og deira evne til å levere gode velferdstenester. Det betyr mykje for innbyggjarar og næringsliv.

Me har foreslått eit nytt inntektssystem, mellom anna tilpassa nye levekårsutfordringar, der Oslo er ein av vinnarane.

Totalt vinn 39 av 57 kommunar i Osloregionen på omleggingane.

Eg vil også hevde at me har ein politikk for nyskaping og entreprenørskap som kjem regionen til gode.

Men kanskje viktigast for denne regionen er gode og effektive kommunikasjonar.

Ein særs vanskeleg vinter har demonstrert kor viktig der er.

Som tidlegare samferdsleminister, har det ikkje vore enkelt å vere vitne til tusenvis av passasjerar og verksemder blir råka så tungt.

Blant desse er :

Oslopakke 3 som skal sikre god framkomst for alle trafikantgrupper i hovudstadsregionen. Reduksjon av klimagassutslipp frå transport ein sentral premiss for det vidare arbeidet med pakka, og eit openbart satsingsområde for denne alliansen.

I NTP 2010-2019 er det lagt til grunn om lag 5 mrd. kr i statlege midlar til riksveginvesteringar innanfor Oslopakke 3. På bakgrunn av forvaltningsreforma kjem i tillegg det statlege tilskotet til fylkesvegnettet og lokal kollektivtrafikk til Oslo og Akershus.

Vidare er det lagt til grunn om lag 16 mrd. kr til jernbaneprosjekt i Oslopakke 3-området for perioden 2010-2019. Regjeringa legg i NTP 2010-2019 opp til en omfattande opptrapping av innsatsen på jernbana i Osloregionen.

Nytt dobbeltspor frå Asker til Lysaker skal stå ferdig i 2012. Det er satt av meir enn 10 mrd. kr til nytt dobbeltspor mellom Oslo og Ski. Vidare er det satt av 2 mrd. kr til fornying og reinvestering av Oslo-tunnelen og det sentrale jernbanenettet i Oslo-området.

Etter kvart skal det også byggjast ny godsterminal på Alnabru.

Desse og mange andre tiltak grip inn i kvardagen til hundretusenvis av reisande her, og dei har verknader for heile landet. Det vil kome ei betring, sjølv om det vil ta litt tid.

Mykje av eksporten frå industrien på Vestlandet og andre stader går gjennom Oslo. Viss ikkje transportsystema her fungerer, gjev det ekstra kostnader og problem for til dømes fiskeindustrien og dei maritime næringane andre stader. Me klarar heller ikkje å ta ut vekstpotensialet i alle delar av landet.

Som medlem av regjeringa er det mi oppgåve å vere oppteken av regional balanse for heile landet. Det er difor me har ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk.

Eg gjer ikkje jobben min som rikspolitikarar viss eg ikkje er oppteken av at alle ressursar, både hos menneska og i naturen blir teken i bruk.

Difor er regjeringa i gang med å finne tiltak som gjer at kompetansearbeidsplassar, både i privat og offentleg sektor, i større grad blir spreidd utover heile landet.

Eit offentleg utval, leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe, skal kome med innspel. Ulltveit-Moe og professorkollega Victor Norman åtvara i fjor mot dei regionale verknadene av omstilling og globalisering. Dei peika på at endringane plasserer god arbeidskraft frå tradisjonelle næringar i distrikta på sidelinja.

I staden veks dei nye kompetansebaserte verksemdene i første rekkje fram rundt Oslofjorden. Det er ei utvikling som dei meiner i det lange løp kan føre til ”en økonomisk kostbar, sosialt uheldig og politisk farlig todeling av landet.”

Så vil de som er her spørje, kva er galt med vekst og verksemd rundt Oslofjorden? Mange av dykk vil kunne argumentere fornuftig for fleire arbeidsplassar i heimkommunen.

Eg skjønar spørsmålet. Ja, sjølvsagt skal det vere vekst og gode vilkår for nyskaping også her. Regionen skal styrke seg. Men fleire regionar må få sin del av den veksten me no får innanfor spesialiserte og kunnskapsintensive bransjar.

Me må altså sjå heilskapen i politikken - på same måte som de, innanfor deira varierte region må balansere ulike omsyn og tenke samspel, må me på riksplan gjere det.

Hovudstaden står i eit aktivt samspel med heile landet og vil tene på ein god distrikts- og regionalpolitikk.

Det er verken effektivt, fornuftig eller ønskjeleg å klumpe flest muleg saman i områda rundt Oslofjorden.

Det tener korkje innbyggjarane i eller utanfor Osloregionen på.

For å sitere ein ordførar frå Vestlandet: Vit og vidsyn har like stor groboten mellom steinknauser som mellom betongblokker. Det er ikkje avhengig av kor mange ein har rundt seg, men kor mange ulike menneske ein har rundt seg og evner å vere open mot.

Takk for merksemda.