Historisk arkiv

Raudgrøn satsing på kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 15.11.2010.

- Frå 2005 til 2010 har realveksten i dei samla inntektene vore om lag 41 milliardar kroner, eller 15 prosent. Om lag halvparten av inntektsveksten har kome som frie inntekter, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Høgres kommunalpolitiske talsmann Trond Helleland presenterte her i avisa nokre påstandar om kommuneøkonomi og kommunegrenser under overskrifta ”Velkommen til et moderne Kommune-Norge”.

Det er ikkje rett at den raudgrøne regjeringa nærast svelteforar kommunane, samstundes som me aukar forventningane til dei kommunale tenestene og ikkje vil diskutere kommunal organsering.

I motsetnad til då Høgre styrte Kommunal- og regionaldepartementet fram til 2005, har denne regjeringa satsa på kommunane. Det jo nettopp denne satsinga som nyleg fekk Hellelands eigen nestleiar, Jan Tore Sanner, til å hevde i VG: ”Man må stille krav til økt effektivitet, ikke bare øse ut penger.”

Er ikkje Høgre-politikarane samsnakka?

Frå 2005 til 2010 har realveksten i dei samla inntektene vore om lag 41 milliardar kroner, eller 15 prosent. Om lag halvparten av inntektsveksten har kome som frie inntekter. Veksten har gjeve 70 000 nye tilsette i kommunesektoren. Og delen pengar som går til administrasjon er lågare enn tidlegare.

I forslaget til statsbudsjett for 2011 har det vore naudsynt å nærme seg handlingsregelen. Regjeringa har difor stramma inn noko. Eg vonar Høgre framleis meiner at det å sikre orden i økonomien og sikre arbeidsplassar også er viktig for kommunane.

Innanfor desse rammene er det rom for auka aktivitet i kommunane. Fleire småbarn og fleire eldre gjer det naudsynt med satsing på desse felta.

Sjølvsagt må kommunane utnytte ressursane på ein best muleg måte. To område der kommunane kan spare pengar, er ved å få ned sjukefråværet og redusere energiforbruket.

Viss kommunane sjølve meiner at samanslåingar gjer dei betre i stand til å handtere velferdstenester, lokaldemokrati og nærings- og samfunnsutvikling, er regjeringa sjølvsagt open for det.

Dåverande kommunal- og regionalminister Erna Solberg forsøkte i perioden 2001-2005 med økonomiske gulrøter for å få fart på slike prosessar. Det lokka ikkje mange kommunar.

Men eg er glad for at Helleland set dei kommunale utfordringane på dagsorden. Kommunane treng større handlingsrom og meir fridom for lokale prioriteringar. Det gir dei beste løysingane, både samfunnsøkonomisk, for folkestyret og for utviklinga av det enkelte lokalsamfunnet.