Reell vekst, ikkje luftspegling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Innlegg til Moss Avis 21.05.2010
Tale/innlegg | Dato: 28.05.2010
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
- Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) frå Østfold tek feil når ho hevdar at det ikkje er rom for vekst i kommuneøkonomien neste år.
Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) frå Østfold tek feil når ho hevdar at det ikkje er rom for vekst i kommuneøkonomien neste år.
Dei samla inntektene til kommunesektoren vil neste år vekse med mellom fire og fem milliardar kroner. Dei frie inntektene vil vekse med mellom 2,5 og tre milliardar kroner. Dette er realitetar, ikkje noko luftspegling.
Regjeringa meiner det vil gje rom for eit styrkt tenestetilbod også neste år. Etter nokre tøffe år under Bondevik-regjeringa, der Kristelig Folkeparti satt sentralt, har det i perioden 2005-2009 vore ei auke i årsverk i kommunal sektor på 35-40 000. Veksten vil truleg halde fram også i 2010 og 2011.
Kva gjeld barnevernet, er regjeringa oppteken av å styrkje både kapasitet og kvalitet. I statsbudsjettet for i år er det lagt opp til ein auke på 400 årsverk i det kommunale barnevernet. Regjeringa fylgjer utviklinga nøye, og kjem attende til barnevernet i statsbudsjettet for neste år.