Historisk arkiv

Samarbeid for lokal utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt il Nordlys 25.03.2010.

Regjeringa vil at endå fleire kommunar skal satse for å gjere lokalsamfunna meir attraktive. Difor legg me til rette for betre samarbeid om lokal utvikling.

Lokal samfunnsutvikling står sterkt i norske kommunar, skriv forskarane Toril Ringholm og Nils Aarsæther i Nordlys 1. mars. Kommunane er fundamentet i folkestyret. Dei gjev høve for å påverke, og dei har ei nøkkelrolle for å utvikle attraktive lokalsamfunn.

Driftige personar
Men utviklingskrafta finst også hjå driftige personar. For å skape utvikling, må dei som vil arbeide for sine lokalsamfunn sleppe til. Samarbeid er naudsynt. Det gjeld særleg mellom kommunar og frivillige, mellom kommunar og mellom kommunar og fylkeskommunar.

Det finst mange norske kommunar som arbeider for at deira lokalsamfunn skal bli meir attraktive for busetjing og næringsverksemd.

  • Alta er i gang med eit større prosjekt for betre kultur for entreprenørskap i kommunen.
  • Hjelmeland satsar på å integrere innvandrarar i arbeidsliv og lokalsamfunn.
  • Vik i Sogn legg til rette for at tilreisande kan oppleve kulturminne.

Desse kommunane nyttar eigne krefter når dei legg planar, samarbeider og mobiliserer for utvikling. Dei får òg råd, finansiering og støtte utanfrå.

Gode tenester
Som forskarane peiker på, er det å utvikle tenester god samfunnsutvikling. Samfunnsutvikling er likevel noko anna enn berre drift. Det inneber å lyfte seg for å sjå kva som er muleg på lang sikt – og å samarbeide. Utgreiinga om kommunane som samfunnsutviklarar, som Ringholm har vore leiar for, syner at ordførarar og rådmenn prioriterer samfunnsutviklingsarbeid høgt, og at kommunane har god sjølvtillit. 

Me veit likevel at ikkje alle kommunar er like langt framme. Ei utgreiing som NIBR gjorde i 2008 viser at ressursane til å planleggje, utvikle stader og næringsliv varierer sterkt mellom kommunane.

Fylkeskommunane har ei viktig oppgåve i å støtte kommunane i deira arbeid med å utvikle attraktive lokalsamfunn. Dei gjev råd og tilbyr kompetanse, pengar og rettleiing. Fylkeskommunane arbeider no saman med Kommunal- og regionaldepartementet for å styrkje samarbeidet med kommunane om lokal samfunnsutvikling.

Fylkeskommunane får til saman 2,2 milliardar kroner til regionale utviklingstiltak, midlar som går til innovasjon og entreprenørskap, til utviklingsprosjekt og kommunale næringsfond.

Dette gjer fylkeskommunane til ein langt viktigare lokal og regional aktør enn tidlegare.

Eg ser fram til eit spanande lokalt og regionalt samarbeid. Her er det muleg å tenkje nytt og samarbeide på nye måtar.