Historisk arkiv

Satsar på innovasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til VG 30.08.2010.

Innsendaren Vestlending hevdar i VG fredag 27. august at eg skal ha sagt at forsking i Oslo og Trondheim ikkje skal få ei krone av dei midlane staten nyttar på innovasjon.

Innsendaren Vestlending hevdar i VG fredag 27. august at eg skal ha sagt at forsking i Oslo og Trondheim ikkje skal få ei krone av dei midlane staten nyttar på innovasjon.

Dette er ikkje rett. Her trur eg det må vere ei samanblanding. Innovasjon Noreg (IN) får midlar både frå Nærings- og handelsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), der eg er statssekretær. Så har Kunnskapsdepartementet ansvar for pengar til forsking.

Det KRD er oppteken av, er at midlane frå departementet skal rettast inn mot distrikt og regionar, slik at desse får realisert sine mulegheiter for næringsutvikling. Evalueringa frå Econ Pöyry med fleire viser at våre verkemidlar har god innovasjonsgrad. 

Utan gode vilkår for vekstkraft og entreprenørskap i heile landet, blir det for svak verdiskaping i framtida. Det står ikkje i motsetnad til at vi også skal ha tunge forskingsmiljø ved dei fremste universiteta våre, men altså finansiert av andre deler av statsbudsjettet enn KRD.