Satsar på unge grunderar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Tale/innlegg | Dato: 18.03.2010
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Innlegget blei sendt til Stavanger Aftenblad 10.03.2010.
Ungdom må stimulerast til innovasjon og nyskaping.
Rogalendingane er uroa over grunderånda hos dei unge i fylket, går det fram av Stavanger Aftenblad sist veke. Det er bra at avisa set søkelyset på nyskaping og entreprenørskap. Me skal likevel vere varsame med å teikne eit for negativt bilete av dei unge. Unge menneske har alltid vore sett på som bortskjemte av foreldregenerasjonen. Arbeidet med entreprenørskap i den vidaregåande skulen har vist at det ikkje alltid er rett.
Eg har møtt mange av dei unge som faktisk lager sin eigen arbeidsplass og vil realisere ein dristig draum. Dei er alle prega av ein imponerande vilje til å skape noko nytt.
Samstundes ber dei om meir hjelp og rettleiing. Det er inga tvil om at me har eit arbeid å gjere for at nyskaping og satsing på eiga verksemder skal lokke enda fleire unge menneske til å satse.
Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vere verdsleiande på entreprenørskap i utdanninga. Me har ein handlingsplan for 2009 - 2014, som omfattar både grunnskule og høgare utdanning.
Eit av dei siste initiativa er å utfordre utdanningsinstitusjonar innanfor høgare utdanning til å setje entreprenørskap og innovasjon på dagsorden. Med hjelp av 13 millionar kroner vil regjeringa stimulere studentane til etablering av nye kompetanse-verksemder i alle deler av landet.
Pengane blir lyst ut av Innovasjon Noreg. Utdanningsinstitusjonar i distrikta og i små og mellomstore byar kan søke.
Me håper at dette vil motivere studentar til å utvikle vekstbedrifter og kompetansearbeidsplassar lokalt og auke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet.
Det er dei som studerer i dag som skal skape verdiar i morgon.