Historisk arkiv

Sjå til Drammen og Buskerud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Drammens Tidende 22.03.2010.

Me treng sterke regionar og eit godt samspel mellom bygd, byar og omland. Då er det inspirasjon å hente i Buskerud.

I dag set fylkesordførarane i landet og fleire statsrådar kvarandre stemne på den årlege konferansen som regjeringa held saman med fylkeskommunane. Tema i år vil variere frå transport og samferdsel til vidaregåande opplæring, landbruks- og matpolitikk, miljø og planlegging, kultur og regional utvikling.

Dette er politikkområde som verkar inn på kvardagen til den enkelte innbyggjar, men som også handlar om dei store utviklingstrekka i samfunnet.

Frå vegkryss til elveby
Det spanande ordskiftet finn stad over to dagar på Union Scene i Drammen. At me er i Drammen, kan vere ein inspirasjon for mange av oss som er på gjesting. Dei fleste har nok høyrt om forvandlinga av Drammen by, frå vegkryss til ein pulserande elveby. Eit imponerande arbeid, og eit godt døme på at det er viktig å vere medveten kva oppfatning andre har av ein stad. Fleire stader, både små og store, bør lære av Drammen.

Minst like interessant for fylkespolitikarane er å sjå på Drammensregionen og Buskerud. Eg skal ikkje rangere fylkeskommunane i Noreg på noko vis. Det er mange gode døme på regionalt samspel. Men det er likevel interessant å merke seg korleis Drammen, men også Kongsberg, verkar saman med sitt omland.

Her finn me døme på klassisk interkommunalt samarbeid og prosjekt som dreier seg om kva heile regionen kan få til saman. Resultata av dei ulike prosjekt må vere gode, sidan regionen i fjor blei kåra til den mest vellykka av 83 ulike regionar i landet.

Utvida mandat til fylkeskommunane
Eg nemner dette fordi fylkeskommunane frå sist årsskiftet har fått eit nytt og utvida mandat, som følgje av forvaltningsreforma. Fylkeskommunane skal i sterkare grad enn tidlegare vere ein medspelar for dei ulike kommunane i deira arbeid med å utvikle gode lokalsamfunn.

Forvaltningsreforma er også ei demokratireform. Dei folkevalde på fylkesnivå får meir makt og ansvar. Fylkeskommunen blir ein meir sentral samarbeidspartnar for kommunar, næringsliv, FoU-miljø og staten.

Fylkeskommunane får til saman 2,2 milliardar kroner til regionale utviklingstiltak, midlar som går til innovasjon og entreprenørskap, til utviklingsprosjekt og kommunale næringsfond.

Med auka ansvar kjem nye utfordringar. Me forventar at tenkinga i fylka, på alle forvaltningsnivå, i stadig sterkare grad vil dreie seg om korleis me kan arbeide saman i bygd og by, for å få til utvikling i alle delar av fylket.
 
Regional samordning
Langs elva i Drammen ligg det eit stort bibliotek, der kommune, fylkeskommune og høgskule, har gått saman. Eit spanande initiativ. Det er også interessant at Buskerud har skipa sitt eige ting – Buskerudtinget – der politikarar som representerer kommune, fylkeskommune og storting samlast, saman med andre regionale aktørar.

Når representantar frå alle fylkeskommunane no kjem saman på kontaktkonferansen i dag og i morgon, trur eg me kan få høyre om fleire slike døme på godt regionalt samarbeid. 

Tiltak som utviklar dei lokale drivkreftene er viktige for å få til ei god fordeling av vekst, arbeidsplassar og busetjing.

Både dei enkelte regionane og heile landet vil tene på at me lukkast med det.