Historisk arkiv

Små kommunar er ein del av Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Dagens Næringsliv 22.10.2010.

- Ei sentralstyrt samanslåing vil ikkje fremje utvikling av velferd og lokaldemokrati. Det vil vere å kaste vrak på dei verdiane som kjenneteiknar Noreg, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Forskarane Audun Langørgen og Rolf Aaberge i SSB hevdar i DN (21.10) at statleg inndekking av ekstrakostnader ved å drive mindre kommunar hindrar frivillige kommunesamanslåingar.

Det blir ei for snever tilnærming. Dei overser i sin omtale av små kommunar at det er avstandar, spreidd busetnad og smådrift som kostar pengar, ikkje kommunegrenser.

Sentralisering
Ei viktigare forklaring er at innbyggjarane meiner at større kommunar vil bety ei sterk sentralisering av tenestetilbodet.

Det er brei politisk semje i Noreg om at det skal vere fridom til å busetje seg der ein vil. Det er også brei semje om, med unntak av Framstegspartiet, at kommunane framleis skal vere sentral i forvaltinga av velferdstenestene. I dag har kommunane hand om lag 70 prosent av desse tenestene.

Det sikrar nærleik til innbyggjarane, lokal politisk kontroll og effektiv og tilpassa oppgåveløysing. Det gjer kommunane i all hovudsak på ein god måte. Og dei mest nøgde innbyggjarane finn me i dei minste kommunane.

Det inneber sjølvsagt kostnader ved å gi gode velferdstenester i heile landet. Det er eit politisk val denne regjeringa meiner er samfunnsøkonomisk fornuftig.

Ikkje heilagt tal
For meg er ikkje dei 430 kommunane me har i dag noko heilag tal. Både eg, Senterpartiet og regjeringa er open for samanslåingar.

Kommunane må vere budd på omstilling og endring. Viss samanslåing veks fram frå frivillige prosessar, skal dei få mi støtte.

Ei sentralstyrt samanslåing vil ikkje fremje utvikling av velferd og lokaldemokrati. Det vil vere å kaste vrak på dei verdiane som kjenneteiknar Noreg. Verdiar me treng for leggje til rette for livskraftige lokalsamfunn.