Historisk arkiv

Sunn kommuneøkonomi gjev fleire tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 22.12.2010.

- Kommunane får ein inntektsauke i 2011 som gjev rom for vidare utbygging av tenestene. Det gjer det muleg å halde tritt med auka trong for omsorgstenester og barnehagar, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Kommunane held fram utbygginga av tenestetilbodet til innbyggjarane. Samtidig har dei makta å halde orden på økonomien.

Ein slik balansegang er krevjande. Kommunane lever i krysspresset mellom statlege krav og forventningar frå innbyggjarane. Det er ikkje utan vidare råd å gjere alle nøgd.

Framifrå kommunar
Men ved inngangen til eit nytt år gler det meg at både me i regjeringa og dei som lever i kommunane i all hovudsak er samde. Kommunane gjer ein framifrå innsats.
 
Auken i den kommunale aktiviteten har vore høg i fleire år. Frå 1. halvår 2005 til 1. halvår 2010 auka talet på tilsette i kommunesektoren med 70 000 personar. Fleire medarbeidarar har vore ein føresetnad for utbygginga av kommunale tenester.

Heilt ferske tal frå Det tekniske berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) viser at aktiviteten har auka med tre prosent i 2010. Det betyr fleire tilsette i dei kommunale velferdstenestene og investeringar i barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustader.

God drift
TBU anslår at kommunesektoren vil få eit netto driftsresultat på om lag tre prosent i 2010. Eit resultat på om lag same nivå som i 2009. Utvalet tilrår at kommunesektoren bør ha eit slikt resultat over tid for at kommuneøkonomien skal vere i balanse.

Tala frå TBU viser at kommunane meistrar balansegangen mellom å gje innbyggjarane gode tenester, samstundes som dei har orden i økonomien. Dette er naudsynt for at me skal kunne halde oppe dei kommunale tenestene på lang sikt.

Kommunane får ein inntektsauke i 2011 som gjev rom for vidare utbygging av tenestene. Det gjer det muleg å halde tritt med auka trong for omsorgstenester og barnehagar.

I møte med kommunane har eg vore tydeleg på at budsjettet for 2011 er nøkternt. I 2009 og 2010 fekk kommunane vidare budsjettrammer som eit ledd i tiltaka mot finanskrisa. No er det rett å stramme noko inn på den offentlege pengebruken. Orden i nasjonaløkonomien og låg rente er også viktig for kommunane.

Effektiv drift
Mange kommunar ynskjer sjølvsagt romslegare budsjett. Spesielt der lokale folkevalde står føre krevjande prioriteringar i budsjetta for neste år.

Med tanke på  at kommunane har fått 42 milliardar kroner meir frå 2005 til 2010, er det likevel ingen tvil om at regjeringa prioriterer kommunane.

No blir utfordringa for kommunane å møte forventningar og ynskje med effektiv bruk av ressursane. Ei historisk låg øyremerking av inntektene til kommunane legg til rette for effektiv drift og gode prioriteringar basert på lokale behov.

Tiltak for redusert sjukefråvere vil både vere til fordel for den enkelte arbeidstakar, innbyggjarane og kommuneøkonomien. Energiøkonomisering er eit anna område der det er store innsparingar å hente, samtidig som det vil vere positivt for miljøet.

Eg har tillit til kommunane, og eg kjenner meg trygg på at me i 2011 vil sjå at veksten i dei kommunale tenestene held fram.