Historisk arkiv

Tid for politisk leiarskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kronikk til Nationen 18.05.2010

- Eg trur det me gjer i dei neste åra blir eit kapittel i soga om korleis Norge anno 2010 forvaltar historisk rikdom og store mulegheiter.

Mai er ei god tid å reflektere over kva godt politisk leiarskap er.

I maidagane for 65 år sidan fekk me demonstrert kor viktig det er med samhald over politiske skiljeliner. Land og politikk skulle finne tilbake til noko som var normalt etter krigen. Som historikaren Berge Furre skriv i ”Norsk historie 1905-1990”: ”Nykelordet var samarbeid over gamle skiljeliner for å atterreisa landet.”

Sjølvsagt var det strid og usemje. Men dei politiske leiarane fann raskt saman i ei første felles regjering og stilte seg bak Fellesprogrammet.
  
Grunnlov på kort tid
Meir enn 100 år tidlegare, i maidagane i 1814, blei det også utvist stort politisk leiarskap, då grunnlova blei skriven. Også den prosessen fann stad med eit bakteppe av krig og konflikt, og i løpet av svært kort tid. Arbeidet med grunnlova starta formelt 20. april. 17. mai blei lova underteikna.
 
Så skal me sjølvsagt hugse at begge høva var startpunkt for avgjerande år i historia vår. Me byggjer korkje ein nasjon eller eit velferdssamfunn på nokre få veker.

Me som er politiske leiarar i dag, kan vanskeleg sjå oss sjølve som politiske aktørar med krav på same plass i historia som desse karane – det var få kvinner – i 1814 og 1945.

Kvardag er også historie
Ikkje desto mindre, det blir historie av kvardagspolitikk også.

Eg trur det me gjer i dei neste åra blir eit kapittel i soga om korleis Norge anno 2010 forvaltar historisk rikdom og store mulegheiter.

Vil me ta samfunnsutviklinga inn på eit nytt, meir miljøvennleg og inkluderande spor? Eller trur me at velferdsgode og materiell rikdom er eit tre som vil vakse rakt inn i himmelen?

Her kan me og må me vise leiarskap. Ikkje minst fordi me må forvalta ein unik nasjonal rikdom i usikre internasjonale tider. Sjølv om Noreg har ein solid økonomi, er me ikkje upåverka av global finansuro.

Me ser det tydeleg i den eksportretta industrien, til dømes hos dei mange skipsverfta langs kysten. Dei er særs viktige for sine lokalsamfunn. Difor har regjeringa lagt til rette for ein tiltakspakke retta mot verftsindustrien og utstyrsleverandørane langs heile kysten.

Dette kan me gjere fordi nasjonen har økonomiske mulegheiter, og fordi det er politiske vilje. Skal me framleis ha eit slikt handlingsrom, me må vere budd på tøffare politiske prioriteringar.

Her kan gode leiarar i lokalpolitikken spele ei avgjerande rolle. Kommunar og fylkeskommunar har gjennom fleire tiår har organisert seg godt og teke ansvar for nye oppgåver.

Forvalt velferda klokt
Kommunale leiarar kan bidra til at me framleis forvaltar velferda vår klokt.

For eksempel ved å syte for at kommunane blir godt drifta. Går sjukefråveret ned med eit prosentpoeng, frigjer det 1,25 milliardar kroner. Blir kommunale bygg energieffektivisert, snakkar me om ei innsparing på nærare 900 millionar kroner.

Så kan lokale og nasjonale politikarar vise leiarskap ved å finne saman over politiske skiljeliner. I lokalpolitikken er det ein god og lang tradisjon for det. I rikspolitikken er den raudgrøne regjeringa eit godt døme på politisk samarbeid.

Me har også ei oppgåve med å si at velferdssamfunnet ikkje kan ta ansvar for alt. Me må ha eit godt samspel med frivillige og private krefter.
 
Me skal framleis ha økonomisk vekst i Noreg. Samfunnskaka blir ikkje mindre. Men eit leiarskap som makter å ta vare på den velferda me har, vil framtida leggje merke til.