Historisk arkiv

Tvang inga løysing på kommuneutfordringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 03.11.2010.

- Eg tek meir enn gjerne debatten om korleis me skal sikre velfungerande kommunar og gode tenester til innbyggjarane i åra som kjem. Men la ordskiftet vere basert på fakta, ikkje mytar og manglande innsikt i norsk geografi og samfunnsstyring, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er bra med debatt om utfordringar i kommunane. Men mange debattantar overser at kommunane, også dei små, allereie gjer ein god jobb og leverer mykje god lokal velferd.

Avstandar, ikkje grenser
Dei har heller ikkje forstått at det er avstand og busetnadsmønster, ikkje kommunegrenser, som kostar pengar.

Difor vil ikkje samanslåing av kommunar med tvang fremje meir velferd og lokaldemokrati. Det er berre i teorien at det er muleg å flytte innbyggjarar i kommunar med spreidd busetnad til oppsamlingsstader for velferdstenester.

Når me skal diskutere dei sentrale utfordringane knytt til velferd, næringsutvikling og busetnad, må me ta utgangspunkt i norsk geografi og kultur.

Mangfald av løysingar
Denne røyndommen fortel oss at Noreg er mangfaldig, ressursane er spreidd og menneska vil busetje seg ulike plassar. Utfordringa då er ikkje storleiken på kommunen, men korleis me skal handtere krav til offentleg velferd, gode kvardagsliv for gamal og ung og mulegheiter for å realisere seg på og utanfor arbeidsplassen. Det krev eit mangfald av løysingar.

Statlege byråkrater står fritt til å vere uroa på vegne av sektoren sin, men sektoromsyn og generell synsing må ikkje få prege debatten.

Eg tek meir enn gjerne debatten om korleis me skal sikre velfungerande kommunar og gode tenester til innbyggjarane i åra som kjem. Men la ordskiftet vere basert på fakta, ikkje mytar og manglande innsikt i norsk geografi og samfunnsstyring.

Kommunane vil utvikle seg
Ein av desse mytane er at kommunane ikkje kan takle utfordringar, som til dømes samhandlingsreforma. Slike innvendingar har vore fremja i over hundre år. Samstundes har kommunane vist at dei kan utvikle seg i takt med nye velferdsoppgåver.

Me har sett det seinast i samband med lokale helsetilbod. Det er distriktsmedisinske sentra, til dømes i Hallingdal, Valdres, Fosen og Dalane, som er modell for samhandlingsreforma. Kommunar av ulik storleik har funne saman og utvikla lokale løysingar som sikrar nærleik, kvalitet og effektiv ressursbruk.

Ein annan myte er at små kommunar ikkje får tak i duglege medarbeidarar. Rekruttering av dyktige medarbeidarar er ei generell utfordring for kommunesektoren. Både små og store kommunar slit. I den grad det er ein skilnad, verkar sentralitet å vere eit vel så stort problem.

Færre kommunar, meir demokrati?
Ein tredje myte er at interkommunalt samarbeid trugar folkevald styring. Interkommunalt samarbeid står i dag for ein svært liten del av dei samla driftsutgiftene. Dei kommunale kjerneoppgåvene, helse, omsorg, skule og barnehage, blir drivne av den enkelte kommune. Dessutan er det ikkje slikt samarbeid meir utbreidd i små enn i store kommunar.

Så må me løyse utfordringane som samhandlingsreforma vil by på. Men at det blir meir lokalt demokrati av at sentrale styresmakter tvinger fram færre og større kommunar, er eg ikkje overtydd om.

Både eg, Senterpartiet og regjeringa er open for samanslåingar. Men det må vere etter frivillige prosessar og lokale initiativ. Det er når me byggjer nedanfrå at byggverket blir solid. Tvang er ikkje ei god løysing, verken for tenesteyting eller utvikling av samfunn og næringsliv i det enkelte lokalsamfunn.