Historisk arkiv

Usakleg om motmakt og Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget ble sendt Aften 23.04.2010.

Slapp av Oslo. Ein sogning, Sp-statsråd og kommunalminister både likar og omtalar hovudstaden i fine ordelag. Berre så synd at Aften og byrådsleiaren vel å oversjå det.

Kan me få eit meir vitalt ordskifte om korleis me utviklar heile landet? Det har eg som kommunal- og regionalminister vore oppteken av. I Aften sist torsdag fekk me i alle fall eit opphissa ordskifte. Diverre var det basert på gale premiss.

Dekninga må kunne seiast å vere i kategorien særs usakleg. Her blir eg tillagt utsegner, meiningar og intensjonar eg ikkje kan vedkjenne meg.
Både Aften-redaktøren og byrådsleiaren argumenterar mot noko som ikkje er riktig. Journalistane ber folk på gata kommentere noko som ikkje er sagt.

Ingen kampanje mot Oslo
La meg gjere det klart, nok ein gong. Målet med ein debatt om motmakt og regional utvikling har ikkje vore å drive kampanje mot Oslo by, innbyggjarane der eller å byggje ned hovudstaden. Eg snakkar ikkje nedsettjande om nokon kommunar, heller ikkje Oslo. Eg har heller ikkje kalla Oslo-folk arrogante, slik Aften hevdar.

Eg vil ha ein debatt om kva slags samfunn Noreg skal vere om nokre tiår, og kva som er sentrale utviklingstrekk no. Då er det umulig ikkje å ta stilling til maktopphoping i Oslo og spenninga sentrum periferi.

Vanskeleg å snakke om makt
I nokre tilfeller er denne sentralmakta i ulike institusjonar prega av negative haldningar eller fordommar til mykje av det verdfulle som finn stad utanfor Oslo. Å peike på dette er ikkje noko angrep på Oslo-borgarane eller Oslo kommune. Det er å gjere merksam på noko som er vanskeleg, og tydeleg kjenslevart.

Byrådsleiaren hissar seg difor opp utan grunn når han seier han ikkje vil tolerere at statsråden snakkar nedsettjande om Oslo og spreier vrangførestelling om byen. Kor har eg gjort det? Kva er det med møteserien om motmakt og regional utvikling som har preg av kampanje mot Oslo?

Oslo i ei særstilling
Tvert om så har eg ved fleire høve understreka at Oslo by står i ei særstilling blant kommunane i landet. Som kommunal- og regionalminister har eg mange viktige Oslosaker på oppgåvelista. Sjølv om det er mange kommunar i Noreg, er Oslo den største. Det er ein mangfaldig og spennande by. Det er naturleg at menneske andre stader i landet kjenner dragning mot storbyen.

Sjølv set eg stor pris på byen. Her er ein eigen puls. Innflyttarar kan hente inspirasjon, og dei kan tilføre impulsar. Me har sett mange gode døme på eit fruktbart samspel mellom by og land innanfor kultur- og næringsliv.

Oslo har utfordringar
Men det er også i Oslo me finn bustadsosiale utfordringar, press i bustadmarknaden og mot veg- og samferdslesektoren. Difor samarbeider KRD tett og godt med Oslo kommune.

La meg nemne nokre av dei viktige sakene for Oslo dei seinare åra.

  • Ei kraftig auke i bustøtta i 2009
  • Opptrapping av den bustadsosiale innsatsen sidan den raudgrøne regjeringa tok over i 2005
  • Ei eiga hovudstadsmelding våren 2007, med forsterka innsats i Groruddalen og ny områdesatsing i Søndre Nordstrand
  • Ein forsterka kommuneøkonomi sidan 2005
  • Grunnlag for auka satsing på samferdsle
  • Operaen i Bjørvika kom i stand etter avgjerande innsats frå kulturminister og tidlegare Senterpartileiar Anne Enger.

Slik har me gjennom praktisk politikk bidrege til at folk i Oslo får ein betre kvardag. Det skal me halde fram med. Eg er klar på at me slett ikkje har gjort nok, sjølv om me har aua løyvingane mye. Utfordringane på samferdslesektoren er eksempel på det.

Samstundes må me kunne sjå ein annen dimensjon ved Oslo. Det er også ein plass der mykje makt er samla. Frå Storting og styringsverk til finansinstitusjonar, industrikonsern, mediamakt og kulturbastionar.
Korleis denne makta blir forvalta og kva for haldningar som ligg bak, er viktig for heile landet.

Kompetansearbeidsplassar
Me gjer ikkje jobben vår som rikspolitikarar viss me ikkje er oppteken av ei balansert utvikling i landet. Difor er regjeringa i gang med å finne tiltak som gjer at kompetansearbeidsplassar, både i privat og offentleg sektor, i større grad blir spreidd over heile landet .
Eit offentleg utval, leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe, skal kome med innspel.
 
Gjer me ikkje noko vil veksten i arbeidsplassane framover kome i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar, særleg i Osloregionen. Samstundes veit me at mange har lyst til å etablere seg utanfor pressområda, dersom dei finn interessant arbeid.

”Farlig todeling”
Ulltveit-Moe og professorkollega Victor Norman åtvara i ein artikkel i bladet Samfunnsøkonomen i fjor mot dei regionale verknadene av omstilling og globalisering. Dei peika på at endringane plasserer god arbeidskraft frå tradisjonelle næringar i distriktsområde på sidelinja.

I staden veks dei nye kompetansebaserte verksemdene i første rekkje fram rundt Oslofjorden. Det er ei utvikling som dei meiner i det lange løp kan føre til ”en økonomisk kostbar, sosialt uheldig og politisk farlig todeling av landet.”

Det er lite effektivt, fornuftig eller ønskjeleg å klumpe flest muleg saman i pressområda rundt Oslofjorden. Det tener korkje innbyggjarane i eller utanfor Oslo på.

Eg har respekt for at byrådsleiaren i Oslo argumenterer for byen sin, og er på vakt mot det han trur kan svekke Oslo. Men det siste er altså ikkje det eg vil. Derimot er eg samd med han i at det må vere godt samspel mellom Oslo og resten av landet skal me sikre verdiskaping og god samfunnsutvikling.

By og land kan gå hand i hand. Kanskje eg skal invitere byrådsleiaren på rusletur langs etter Akerselva?