Historisk arkiv

Vi treng fleire kvinner i kommunestyra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 03.02.2010.

For å få fleire kvinner i kommunestyra er det ikkje nok at kvinner får halvparten av plassane på listene. Kvinnene må få plass på toppen av listene. Dette er eit enkelt reknestykke; skal nokre få meir makt, må andre gje frå seg makt. Så direkte må vi få lov å vere i år når vi i år markerar at det er 100 år sidan kvinner fekk allmenn røysterett ved kommuneval.

På dei siste 10 åra har delen kvinner i kommunestyra gått opp frå 33 prosent til 37,5 prosent. Utviklinga går med andre ord sakte. Dersom likestillinga skal snigle seg fram i same tempo, vil det ta meir enn 30 år før halvparten av kommunestyremedlemane er kvinner.

Når vi kjem til leiarverva er det langt mellom kvinnene. Medan dei fleste utval, styre og råd no har 40 prosent kvinner, er det berre 23 prosent kvinner i leiarverva. Berre to av ti ordførarar er kvinner. Dette skuldast sjølvsagt at det oftast er menn som får trone på toppen av listene. Ved valet i 2003 var nær åtte av ti listetoppar menn.

Det er mange forklaringar på at kvinnedelen i kommunestyra, formannskap og blant ordførarane er låg. Mange kvinner slepp ganske enkelt ikkje til – eller dei blir ikkje spurde. Mange vil ikkje eller dei kjenner at dei vanskeleg kan ta på seg lokalpolitiske verv.  Dei finn det for krevjande å kombinere lokalpolitikk med familie - og omsorgsoppgåver, eller i høve til jobb og arbeidsgjevar.

Kommunestyra må gå i seg sjølve for å finne ut om dei har lagt opp ei arbeidsform - og kultur som appellerer til kvinner. Eg har møtt kvinner med verv lokalt som mellom anna slit med at alle møte er på kveldstid. For mange kan det gjere det vanskeleg å få livet til å henge saman. Eg synest det er trist når eg høyrer om kvinner som har teke dette opp i kommunestyret, men der dei ikkje blir teke på alvor.

Når nominasjonsnemndene i kommuneparti og fylkesparti no blir sett ned, blir det langt på veg avgjort om kvinner skal få meir makt i lokalpolitikken etter valet. Medlemene i nominasjonskomiteane rekrutterer i stor grad dei som er lik dei sjølve eller som dei kjenner godt til frå før. Vi må difor bryte trenden med at nominasjonsnemndene har ei overvekt av menn – og at det er menn som er leiarar og legg dei viktige føringane for korleis listene skal sjå ut.

Fleire kvinner i lokalpolitikken er eit demokratisk spørsmål. Fleire kvinner i politikken vil gi ei større breidde i synspunkt og måtar å løyse ulike saker på. Eg meiner også tenestetilbodet vil bli betre dersom kvinner får større påverknad.  Alle parti, inkludert mitt eige Senterparti, må ta eit krafttak for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken og til leiarposisjonane.

401 av 430 kommunestyre har i dag mannsfleirtal. Eg vil ha fleire kvinnelege kommunestyrerepresentantar, fleire kvinnelege ordførarar og fleire kvinnelege rådmenn. Eg vil ganske enkelt ha slutt på gubbeveldet i lokalpolitikken.

Samfunnet treng den politiske dugnaden meir enn nokon gong. Mi oppfordring til dei som legg den lokalpolitiske kabalen er difor å lokke kvinnene til topps. Og til mine medsøstre - ta på deg lokalpolitiske verv, gjerne leiarverva, når du no blir spurd!