Vi treng innovative distrikt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Innlegget blei sendt til media 25.08.2010.
Tale/innlegg | Dato: 26.08.2010
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
- Eg finn grunn til å slå fast at Innovasjon Noreg har som formål å fremme samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling i heile landet, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Rapporten som evaluerer Innovasjon Noreg (IN), har ført til fleire kommentarar i pressa. Mellom anna hevda innovasjonsforskar Peder Inge Furseth ved handelshøgskulen BI her i bladet nyleg at organisasjonen driv for mykje distriktspolitikk.
Vi treng alltid eit kritisk søkjelyset på statlege ordningar, men dette er ei merkeleg og gamaldags tilnærming til verdiskaping og innovasjon.
Utvikling i heile landet
Eg finn grunn til å slå fast at IN har som formål å fremme samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling i heile landet. Som ein del av dette, skal organisasjonen bidra til at distrikt og regionar får realisert sine mulegheiter for næringsutvikling. Då kan ein ikkje i neste omgang skulda IN for å leggje for stor vekt på distriktspolitikken. Dette er eit resultat av politiske prioriteringar som vil gagne heile samfunnet.
Ikkje tradisjonelt
Dersom ein meiner at pengane blir brukte til å halde liv i gårsdagens næringsliv, har ein ikkje fått med seg korleis næringsutvikling i distrikta i dag blir driven.
Det er svært lite ”tradisjonelt” i bruken av verkemidla. Departementet legg klare føringar om innovasjonsinnhald i dei prosjekta som skal få støtte. Det skal stimulerast til entreprenørskap, innovasjon og nyskaping. Etterpå blir det målt i kva grad dette har blitt følgt opp.
Når eg reiser rundt i Distrikts-Noreg, slår det meg kor mange innovative bedrifter og menneske som finst der. Mange menneske ønskjer å utvikle eigne verksemder utanfor dei mest sentrale stroka. Ei utfordring desse møter er å finne startkapital og investorar. Då må samfunnet ha gode ordningar for å hjelpe dei i gang.
Ikkje del landet
Vi ønskjer ikkje eit todelt næringsliv i Noreg, med eit ”tradisjonelt” i distrikta og eit innovativt og internasjonalt konkurrerande i sentrale strok. Det vil kunne føre til ei uheldig deling av landet i ein situasjon der vi treng å samarbeide meir om nyskaping og utvikling.
Difor er det ikkje nokon veg å gå, slik enkelte vil, å dele opp IN igjen og skilje ut distriktspolitikken for å leggje til rette for ein meir strategisk og fagleg vekst i IN. Organisasjonen handterer politiske verkemiddel på vegne av fleire oppdragsgjevarar. Det betyr mellom anna at næringslivet får ei dør inn til staten.