Historisk arkiv

Innlegget blei sendt til media i juli 2011.

Alle vil styre Hurtigruta i godt ver

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Ikkje minst fekk kystfolket langs ruta under NRK-sendinga høve til å markere kva dette båtsambandet har tydd og tyder for utviklinga i Nord-Noreg. Resten av Noreg fekk sjå kva ein aktiv distriktspolitikk har å seie for landet, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i dette innlegget.

Hurtigruta vart velfortent feira av ein heil nasjon i juni. NRK tok oss alle med på tur, og den kollektive historieforteljinga gleda oss alle. 

«Alle vil styre i godt ver», er det eit ordtak som seier. Politikarane kappast om å lovprise Hurtigruta i desse dagar. Då er det freistande å minne om at den politiske viljen til å sikre dette sambandet slett ikkje alltid er der i praksis, når prioriteringane skal gjerast. Den raud-grøne regjeringa har no sikra drifta til Hurtigruta fram til 2019. Hadde Høgre og Bondevik-regjeringa fått viljen sin for berre 7 år sidan, kunne Hurtigruta vore borte slik vi kjenner ho idag.

Organisert kystfart i Nord-Noreg tok til i 1838. Tjue år seinare kom private rederi på banen og fekk  statleg godtgjerdsle for postfrakta og høve til statsstønad. Ideen om eit hurtig samband mellom nord og sør vart faktisk realisert ved hjelp av dampskipskonsulenten August K. Gran i det som den gongen heitte Indredepartementet. Han meinte det var mogleg med samband óg i mørketida. Direktør Richard With i Vesteraalens Dampskibsselskap underteikna ein kontrakt i 1893. Eit samrøystes storting løyvde 70 000 kroner over postbudsjettet. Vi fortel denne historia for å minne om at det var ein aktiv og framsynt samferdselspolitikk som knytta landet saman og sikra næring og busetjing langs kysten i nord. Opprettinga av Hurtigruta var ei nasjonal hending, eit gedigent steg for ein landsdel. Boka «Fra Nord-Norges næringsveie», som vart gitt ut i Kristiania i 1917, seier det slik: «Ingen anden kommerciell begivenhet har været av saadan epokeskapende betydning for hele Nord-Norges utvikling som hurtigrutens start. Den start vil alltid bli regnet som en bedrift av første rang i vor historie» (sitat henta frå Hurtigrutemuseet).

Det er verdt å leggje merke til at Hurtigruta alltid har vore avhengig av politisk vilje. Gong på gong har framtida til sambandet vore på spel, ikkje minst frå 1980-talet då fleire parti på Stortinget viste uvilje mot å gje driftsstøtte. Det vart faktisk inngått ein avtale om at hurtigruta måtte klare seg utan statsstøtte etter tusenårsskiftet. Slik vart det heldigvis ikkje.

Senterpartiet meiner at Hurtigruta spelar ei avgjerande rolle for transport av folk og gods langs kysten. For oss, som samferdselsminister og kommunal- og regionalminister, har det vore viktig å sikre transport med hurtigruta også i framtida. Difor var vi letta og nøgde då Hurtigruta og Samferdselsdepartementet kom fram til ein ny avtale om kjøp av sjøtransporttenester i april i år. Hurtigruta er no sikra inntekter på omlag 640 millionar kroner i året for å oppretthalde eit seglingsmønster langs kysten som ikkje hadde vore mogleg dersom Hurtigruta berre skulle driftast på forretningsmessige vilkår.

Vi har no sikra anløp til 34 hamner kvar dag heile året i åtte år!

Då regjeringa som besto av Høgre, KrF og Venstre skulle leggje Hurtigruta ut på anbod i 2004, foreslo dåverande samferdselsminister Torhild Skogsholm å opne for å splitte opp ruta i to slik at ein fekk éit samband mellom Bergen og Tromsø, og eit mellom Tromsø og Kirkenes. På ruta lengst i nord ville det då ikkje lenger vere daglege avgangar. Statsråden sa det slik til Stortinget: «Gjennom konkurranse ønsket jeg å teste markedet for et tilbud med redusert frekvens, og med ulike krav til kapasitet sør og nord for Tromsø». Heldigvis vart denne raseringa av Hurtigruta stansa av Stortinget. Fleirtalet i nasjonalforsamlinga var tydelege på at ruta måtte henge saman, og at tilbodet måtte vere like godt heilt i nord. Det er verdt å merke seg at både Høgre og Kristeleg Folkeparti ønskte å setje eit tak på kostnadene knytta til kjøp av hurtigrutetenester. Det ville ikkje gjere det mogleg å oppretthalde tilbodet.

Difor er det eit pussig samantreff at KrF-leiar Hareide i ly av NRK-suksessen no ønskjer å utvide med anløp til både Haugesund og Stavanger. Som sagt – i godt ver vil alle styre båten.

Sjølvsagt skal det statlege kjøpet av tenester frå hurtigruta vere lågast mogleg. Vi må også sjå det i samanhang med tilskot til andre samferdselstilbod i distrikta. Når det gjeld Hurtigruta, må vi likevel  sjå lenger enn nokre få samfunnsomsyn.

Senterpartiet meiner vi må vurdere Hurtigruta ut frå den samla verdien dette tilbodet står for. Ikkje minst fekk kystfolket langs ruta under NRK-sendinga høve til å markere kva dette båtsambandet har tydd og tyder for utviklinga i Nord-Noreg. Resten av Noreg fekk sjå kva ein aktiv distriktspolitikk har å seie for landet: busetjing, næringsliv, kultur, liv og røre på små og store stader. For nett dét gjorde denne sjøreisa fantastisk: ein storslått natur i harmoni med levande busetnad og eit yrande liv!