Historisk arkiv

Innlegget blei sendt til Nationen 20.07.2011.

Distriktspolitikk for heile landet!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Noreg har lange og gode tradisjonar for ein sterk distriktspolitikk. Fridom til å busetje seg der ein ynskjer er eit overordna mål, og dette er unikt i verdssamanheng, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

I sin vanlege optimistiske stil og med tydelege spark til Senterpartiet utfordrar Erling Kjekstad oss distriktspolitikarar til å kome meir i angrep enn i forsvar.

Kjekstad tar feil når han seier at me ikkje har lagt lista høgt. Noreg har lange og gode tradisjonar for ein sterk distriktspolitikk. Fridom til å busetje seg der ein ynskjer er eit overordna mål, og dette er unikt i verdssamanheng.

Kjekstad hevdar tala frå SSB må lesast "på rette måten" for å slå fast det som er sanninga, nemleg at Noreg sine distriktskommunar i dag har den mest positive folketalsutviklinga sidan 1981. Det skuldast først og fremst tilflytting, og integrering er i dag ein viktig del av distriktspolitikken. Det er nytt, og det er offensivt.

Den nye distriktspolitikken byggjer ikkje på angrep, men på samarbeid. Samarbeid for å byggje sterke bu- og arbeidsområde som tiltrekker seg ungdom og arbeidsplassar. Eg er samd med Kjekstad i at samferdsle er særs viktig, og med Sp i front er løyvinga til samferdsle auka med ti milliardar årleg. Saman med satsing på breiband, regionale utdanningsinstitusjonar og staduavhengige arbeidsplassar er dette viktig for å få på plass kompetansearbeidsplassar i heile landet. Det er ein offensiv politikk for utvikling i distrikta!

Kjekstads argumentasjon mot kommunesamanslåing er god. Det er ikkje slik at småkommunar nødvendigvis vert styrka om det vert færre folkevalde og tilsette i det enkelte nærområde. Regjeringa meiner ein kan vurdera dette lokalt. Det heiter lokaldemokrati. Meir sentralisering vil ikkje gje meir velstand, slik einskilde røyster hevdar. Styrken i det norske samfunnet ligg i at me brukar heile landet.