Historisk arkiv

Kommentaren blei sendt til Nationen 03.08.2011

Eit val for våre verdiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Det som har rørt meg mest i dei siste vekene er det engasjementet unge menneske har synt, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i denne kommentaren.

Eg har alltid kjent høgtid når eg har lagt røystesetelen ned i urna på valdagen. Ingenting symboliserer betre innhaldet i demokratiet vårt. Alle kan delta og kvar røyst er like mykje verd når dei folkevalde skal veljast.

Om nokre få veker skal me røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet. Etter ugjerningane 22. juli, er me mange som vil kjenne meir enn den vanlege høgtida 12. september. Eit stor alvor vil kvile over oss. Det var sentrale demokratiske institusjonar og den generasjonen som skal bere desse vidare som blei utsette for terroråtaka.

Tida etter 22. juli har vore tung for mange. Ho vil framleis vere tung for etterlatne, skadde og pårørande. Den utrulege varmen og omsorga dette landet har mobilisert, både frå profesjonelt og friviljug hald, må difor ikkje forsvinna. Me skal halde fram med å vere medmenneske. Og me skal halde fram med å vere samfunnsborgarar.

Det som har rørt meg mest i dei siste vekene er det engasjementet unge menneske har synt. Det har stadfesta det eg har sagt mange gonger. Ungdommen er oppteken av samfunnet rundt seg og sine medmenneske. Men dei vel, som alltid, nye måtar å syne engasjement og deltaking på.

Samstundes strøymer dei også til dei politiske ungdomsorganisasjonane. Det er godt nytt for den organiserte ungdomspolitikken, som har mista mange medlemmar dei siste åra. Det er også godt nytt for demokratiet. Desse organisasjonane tilbyr dei unge ein treningsarena for deltaking i det demokratiske og siviliserte ordskifte. Som mange har minna oss om dei siste vekene; det beste forsvaret mot nye åtak er eit styrka demokrati, med rom for ytringar og aksept for mangfald.

Nytt i år er at også ungdom 16- og 17 åringar får høve til å røyste nokre stader. Kommunal- og regionaldepartementet har sett i gong prøveprosjekt med redusert røysterettsalder i 20 kommunar og i Longyearbyen lokalstyre.
Å senke røysterettsalderen er truleg det tiltaket som mest tydeleg gjev ein større del av ungdomen rett til å innverke på dei vedtaka som blir fatta. Eg ser difor fram til å evaluere forsøka.

Eit anna tiltak me arbeider med er forsøk med elektronisk røystegjeving. Til hausten skal det gjennomførast forsøk med e-val i 10 kommunar. E-val rettar seg ikkje berre mot unge veljarar. Alle med røysterett i kommunar som er med i forsøket kan sjølvsagt avgje si røyst elektronisk. Samstundes trur eg elektronisk røystegjeving appellerer meir til unge enn til eldre. Fire kommunar skal ha både forsøk med nedsett røysterettsalder til 16 år og forsøk med elektronisk røysting. Dette gjev ein ekstra dimensjon til begge forsøka. 

Valdeltakinga i år blir truleg betre enn på lenge, både blant unge, der førstegongsveljarene har hatt låg deltaking, og blant meir vaksne veljarar. Mange vil fylgje oppfordringa frå statsministeren under minnemarkeringa på rådhusplassen i Oslo. ”Bruk røysteretten. Frie val er juvelen i demokratiets krone.”

Høg valdeltaking vil vere blant dei beste svara me som borgarar kan gje på terror. Å vere folkevald i eit land som svarar på terror og hat med meir demokrati og omsorg gjer meg stolt.