Historisk arkiv

Finnmark, meir enn snøballkrig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Gjestekommentaren blei sendt til Nationen 17.02.2011.

- Det som fann stad i Kirkenes var ei samansmelting av konferanseprat og kulturoppleving. Frå kvar sin kant – kunst og kultur på den eine sida, næringsliv og politikk på den andre – blei verdiskaping og identitetsskaping sett på dagsorden, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i denne gjestekommentaren.

Sanninga om Finnmark lar seg ikkje fange i ei dokusåpe om livet i Vardø. Det såg eg då eg nyleg vitja Kirkeneskonferansen og Barents Spektakel.

Mulegheitene i denne regionen er utvilsamt mange. Lokale, regionale og nasjonale styresmakter må på ulikt vis leggje til rette for at meir verdiskaping skal finne stad.

Sjølv fekk eg æra av å opne konferansen. Ei unik muligheit til å snakke til og med næringsliv og ulike deltakarar i ordskiftet om det nye nord.

Men eg må nok innrømme at det slo meir gneistar av opningsframsyninga til Barents Spektakel på torget nokre timar seinare. Det tyske teaterkompaniet Titanick presenterte sin Eld Symfoni. Ei oppsetning med metallklang, fyrverkeri og musikk under ein kald polarhimmel. 

Verdiskaping og identitet
Det som fann stad i Kirkenes var ei samansmelting av konferanseprat og kulturoppleving. Frå kvar sin kant – kunst og kultur på den eine sida, næringsliv og politikk på den andre – blei verdiskaping og identitetsskaping sett på dagsorden.
 
Eg er ikkje i tvil om at slike møte er avgjerande for å skape livskraftige samfunn. Samfunn som evnar å hente det beste ut av naturressursar og menneskelege ressursar.

Desse dagane i Kirkenes er eit døme på den krafta som ligg i fylket og regionen. Denne krafta fekk eg stadfesta då eg møtte representantar for til dømes North Energy, det nasjonale oljeselskapet med base i Alta, Finnmarksløpet, Kimek, Troika Seafood, landbruk og fiskeri og Tschudi Shipping.

Det er brei semje om at det handlar mindre om pengar og tilskot, og meir om korleis me forvaltar dei midlane me har. Til dømes om dei pengane me nyttar innanfor tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark kan bli brukt betre og annleis. Og om korleis skapa kunnskapsbaserte arbeidsplassar som gjer det attraktivt for unge å busetje seg i landsdelen.

Vekst nedanfrå
Me frå nasjonal side skal gjere vårt, i samspel og dialog med regionale og lokale styresmakter. Men skal Finnmark og nordområda lukkast med å hente det beste ut av natur og menneske, må veksten kome nedanfrå.

Eit godt døme på kor viktig lokale initiativ er jo nettopp Barents Spektakel. Bak det som no er ein namngjeten festival står kunst- og kulturgruppa Pikene på broen.

Medan internasjonale media sto i kø for å rapportere frå pulserande dagar i Sør-Varanger, var det lite nasjonal merksemd om festivalen og ein konferanse som mellom anna handla om energi og transportutfordringar.

Mind the Map
Kanskje er det slik som Pikene på broen skriv i programmet for festivalen. Det er lengre frå Oslo til Kirkenes enn frå Kirkenes til Oslo. – Mind the Map, er den klåre meldinga deira.

Kanskje har nordområdedebatten mista nyheita si interesse etter at regjeringa i 2005 sette han øvst på den politiske dagsorden. Kanskje skuldast det seigliva sørnorske førestellingar om at Finnmark overlever på subsidiar.

Alt dette er i så fall feil. Dei som tek turen til Kirkenes, eller andre stader i Finnmark, vil finne ut at her blir det skapt verdiar og her er det rørsler. Globale utfordringar knytt til klima og ressursforvaltning blir vevd saman med lokale og regionale spørsmål.

Det er spennande og det lovar godt for framtida.