Historisk arkiv

Gjestekommentar til Nationen juni 2011:

Gjer folkehelsearbeidet enkelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Frå statleg hald skal me syte for finansielle grep som gjer at det vil lønne seg å satse på folkehelse i kommunane, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Mange av oss hugsar morgonstrekken med Reidar Morset frå radioen. Det var greitt å trimme den gong. Enkle øvingar med skulder, arm og bein. Akkompagnert av piano og den lune trallinga frå Morset.

I dag er treningsmaskinane avanserte og lukrative pengemaskinar for dei som eig treningsstudioa. Husmortrimmen heiter no for tida core-øvingar. Ikkje eit vondt ord om dei som sveittar på slike studio. Eg freistar sjølv å få meg nokre timar kvar veke slike stader. Men det er ein tankekross at samstundes som mange er ivrige mosjonistar, sit altfor mange av oss for mykje i ro. Den store folkehelseutfordringa er å få dei fleste til å røre seg berre litt meir i kvardagen. Her har kommunane ei sentral rolle.

Samhandling og folkehelse
Det har dei siste månadene vore mykje snakk om samhandlingsreforma. Ei viktig grunngjeving for reforma er å desentralisere helsetenestene og redusere behovet for sjukehusbruk ved gjere helsetilbodet betre der pasientane bur. Det krev samhandling mellom spesialisthelsetenesta, altså sjukehusa, og kommunehelsetenesta. Men det krev også ei oppgradering og oppvurdering av folkehelsetilbodet, det førebyggjande arbeidet. Kommunane vil tene på at innbyggjarane held seg friske. Men størst er sjølvsagt gevinst for den einskilde innbyggjar.

Samstundes som samhandlingsreforma blei presentert i april, kom ein ny lov om folkehelsearbeidet. Lova har nok ikkje fått den merksemda den fortener. Lova gjer nemleg kommunen til hovudaktøren i folkehelsearbeidet.

Kommunalt ansvar
Ansvaret for folkehelsearbeid er lagt til kommunen, ikkje til den kommunale helsetenesta. Kommunen skal ha oversikt over helsetilstand og kva faktorar som påverkar denne. Til det skal dei få hjelp frå staten, som sit på ulike opplysningar, og fylkeskommunen som folkehelsekoordinator.

I praksis krev dette at alle kommunale sektorar skal tenkje folkehelse når dei planlegg og driv si verksemd. Dei som har ansvar for skulen må tenkje folkehelse når fråfall, skulelokalisering, gymsalar og timeplan blir diskutert.
Plansjefen må sjå gang- og sykkelvegar og nye bustadfelt som ein del av folkehelsearbeidet.

Og desse leiarane må ha støtte frå rådmann, ordførar og politikarar i ulike posisjonar. Det må bli heilt naturleg å tenkje konsekvens for folkehelsa når ulike avgjerder blir teken.

Eg trur ei slik helse alt-tilnærming let seg realisere når kommunane no skal avklare mål og strategi for folkehelsearbeidet, forankra i planprosessane i plan- og bygningslova.

Krevjande reform
Så vil mange i kommunesektoren innvende at den praktiske iverksetjinga av reforma vil krevje mykje ressursar. Det forstår eg. Men rådet mitt er å skunde seg langsamt.

Mange kommunar har allereie i fleire år samarbeidd over kommunegrensene om betre helsetilbod. Nokre av desse er då også løfta fram som gode døme på samhandling i praksis. Dei som ikkje er komne så langt, skal vite at sjølv om reforma trer i kraft frå 2012, skjer innfasinga over fleire år. Bruk difor tid til planlegging og lær av andre.

I januar neste år må kommunane ha på plass ein samarbeidsavtale med dei regionale helseføretaka. Kommunane og helseføretaka skal samarbeide om å byggje opp eit godt tilbod dei neste åra.

Frå statleg hald skal me syte for finansielle grep som gjer at det vil lønne seg å satse på folkehelse i kommunane. Og viss prosessane blir for innvikla, kan ordførar og rådmenn tenke som Reidar Morset. Gjer det enkelt og morosamt å røre seg.