Historisk arkiv

Grenselause Finnmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innleget blei sendt til media i Finnmark 28.01.2011.

- Kirkeneskonferansen vil dei to neste dagane også gje høve til å diskutere energi, industri, logistikk og innovasjon. Desse sentrale områda er i ferd med å finne plass sin i eit nytt bilete av den nordlige regionen, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Kirkeneskonferansen, som opnar i dag, er eit godt høve til å diskutere korleis skape arbeidsplassar og sikre konkret handling i nord.

For det er ingen tvil om at mulegheitene er mange og perspektiva store. Det er i dag betydeleg verdiskaping i Finnmark. Eksportinntektene er høge, og det kan bli meir, til dømes knytt til mineral, energi, industri, turisme, kultur, marine næringar, transport og logistikk. I tillegg kjem delelineavtalen.

Alta, Loppa, Hammerfest
Me finn dei konkrete spora av denne verdiskapinga fleire stader.

  • Alta har vore sete for suksessrike filminnspelingar og fått sitt eige petroleumsselskap med North Energy
  • Finnmarksløpet har marknadsført fylket som ein turistattraksjon i særklasse
  • Loppa er blitt reisemål for frikjørarar på ski
  • Pikene på broen har sett Kirkenes på det europeiske kulturkartet
  • Hammerfest og Snøkvit utviklar seg vidare.

Eg kunne ha nemnt fleire andre verksemder som satsar dristig i nord. Det er mange slike, og dei er prov på konkret handling.

Handling på land
Som kommunal- og regionalminister er inngangen min til regjeringa sin Nordområdepolitikken verdiskaping og kompetanseauke på land.

Eg tenkjer på verdiskaping knytt til naturressursar og geografisk plassering, og basert på den kunnskap folk langs kysten, i fjordane og på vidda har.

Å bidra til relevant og framtidsretta kunnskap er noko av det viktigaste me kan gjere for framtidige vekst i busetjing og verksemder.

Difor satsar me på forsking og utvikling. Det vil mellom anna kunne gje oss teknologi tilpassa arktiske tilhøve. Og me satsar på reiseliv.

Frå Senterpartiet har dette vore ei medveten satsing gjennom år. Åslaug Haga, forgjengaren min i statsrådsstolen, tok initiativ til marknadsføringsselskapet Nord-Norsk Reiseliv AS. No er det på beina med 50 millionar kroner frå statleg hald.

Reiseliv utviklar
Satsinga er viktig i ei næring som sysselsett fleire enn fiskerinæringa og landbruket til saman.

Ifylgje NHO sin eiga statistikk er det snakk om 18 000 menneskje i dei nordlegaste fylka. Litt under kvar tiande arbeidstakar arbeider innanfor reiseliv.

I tillegg kjem at omlag 70 prosent av dei sysselsette i reiselivet er kvinner. Det er særleg viktig i distrikta. Der treng me jobbar som gjev bulyst for unge kvinner.

Dessutan er næringa både produsent og forbrukar av kultur. Det er med på å oppretthalde kulturliv og lokalsamfunn. Eit godt utgangspunkt for utvikling av eit attraktivt reiseliv.

Eit nytt nord
Kirkeneskonferansen vil dei to neste dagane også gje høve til å diskutere energi, industri, logistikk og innovasjon. Desse sentrale områda er i ferd med å finne plass sin i eit nytt bilete av den nordlige regionen.
 
Nord-Noreg framstår i eit anna perspektiv enn tidlegare. Globale utfordringar knytt til klima og ressursforvaltning, blir vevd saman med lokale og regionale spørsmål.

Som deltakarar i denne utviklinga, uansett ståstad og  posisjon, må me ta stilling til nokre sentrale spørsmål. Mellom anna om korleis me forvaltar dei store naturressursane og dei endå større menneskelege ressursane, og kva arbeidsdeling me skal ha mellom offentleg og privat sektor og mellom nasjonalt og lokalt/regionalt nivå.

Kva gjeld ressursforvaltning, har nordområda alltid vore ettertrakta. Det går mange hundre år attende. I ei tid der global matproduksjon er under press og jakta på energi og mineral tiltek, blir ikkje Barentshavet og nordområda mindre viktig. Naturen rommar mat, energi og mineralar.

Kva er vel då eit betre utgangspunkt for ein framsynt diskusjon om dette enn Kirkenes?

Byen har gjennom heile si historia levd med desse spenningane.

Eg er trygg på at framtida blir skapt i slike møtepunkt.