Historisk arkiv

Ikkje exit bygda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Svar på leiar i Dagens Næringsliv 6.9 om distriktspolitikk.

DN meiner (6.9) på bakgrunn av eit oppslag i Aftenposten laurdag at både busetnadsmønster og distriktspolitikk går inn for ei hard landing. Avisa ser ut til å vere nøgd med det.
For ei avis med lesarar over heile landet og eit tidvis godt blikk for nyskapande verksemder av ulikt slag er dette ei for lettvint tilnærming.

Det gjev grunn til uro når fødselsunderskotet blir for stort i einskilde område. Samstundes er bilete langt meir nyansert enn det DN og Aftenposten presenterer. Det er ikkje nokon einsidig flyttestraum frå bygd til by. Flyttingane går begge vegar. I 2009 var det første gong sidan 1981 at dei spreiddbygde stroka av landet samla hadde folkeauke. Utviklinga heldt fram i 2010, då talet på kommunar med vekst var det høgaste sidan 1962. Sentraliseringstempoet er bremsa. Utviklinga skuldast i hovudsak innvandring. Kjønnsbalansen er også betre enn for 30 år sidan.

DN skriv at dei som buset seg i distrikta ikkje må forvente at staten skal stille med arbeidsplassar. Det er ei arrogant og kunnskapslaus haldning. Staten har ansvar for å leggje til rette for verdiskaping og bruk av ressursane i naturen og hjå menneska uavhengig av geografi. Og sjølvsagt skal det vere eit godt tenestetilbod uavhengig av bustad.

Nasjonen som heile vil tape på einsidig vekst og press rundt Oslofjorden. Difor satsar den raudgrøne regjeringa systematisk på kompetansearbeidsplassar over heile landet. Gevinsten er at norske fylke har gjennomgåande høgare sysselsetjing og lågare arbeidsløyse enn dei fleste regionar i Europa. Skilnadene internt er også lågare enn i andre land. Er det desse verdiane DN vil kaste vrak på?