Historisk arkiv

Kirkeneskonferansen 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Åpningsforedrag på Kirkeneskonferansen 02.02.2011.

- Mulegheitene for ytterligare verdiskaping er store, - til dømes innanfor mineral, energi, industri, turisme, kultur, marine næringar, skipsfart, transport og logistikk, landbruk og mat, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Dykkar Majestet!

Kjære konferansedeltakarar!

Takk for invitasjonen til Kirkeneskonferansen og Barents Spektakel.
Og takk for at eg får vere med og møte dei menneska som skal nytte det utviklingspotensialet som ligg føre her.

Frå kvar sin kant –kunst og kultur på den eine sida og næringsliv og politikk på den andre - blir verdiskaping og identitetsskaping sett på dagsorden.

For Finnmark er identitet og særpreg.
Og Finnmark er menneske som ser mulegheiter, som har stå-på-vilje.
Eit godt døme på det er nettopp Pikene på broen, som står bak Barents Spektakel. 

La meg sitere frå programmet: ”Viss man løsriver seg fra tradisjonelle forestillinger om sentrum og periferi og forteller egne historier med det utgangspunkt at alt er mulig, så skjer det noe, med oss som bor her, og med dem som ser oss utenfra.  Kartet snus på hodet. Periferi blir til sentrum. Og underveis er vi alle med på å bygge framtida! ”

Mulegheiter, lokalt og nasjonalt
Og denne konferansen er nettopp eit høve til å snakke om korleis me skal skape denne framtida – og korleis lokal og regional utvikling heng saman med nasjonal og global utvikling.

Det er i dag ei betydelig verdiskaping i Finnmark. Eksportinntektene er høge.
Mulegheitene for ytterligare verdiskaping er store, - til dømes innanfor mineral, energi, industri, turisme, kultur, marine næringar, skipsfart, transport og logistikk, landbruk og mat.

Innspel
Eg kjem nett frå eit møte med ulike representantar for næringsliv, kultur og det offentlege i Finnmark.

Næringslivet var invitert til å gje innspel til korleis me skal leggje til rette for verdiskaping og ny verksemd.

Det finn stad ein rekkje viktige prosessar i regjeringa knytt til dette.

  • Regjeringa legg før sommarferien fram ei stortingsmelding om nordområda.
  • Kompetansearbeidsplassutvalet kjem med si tilråding i mars.
  • Det er satt i gang ein gjennomgang av tiltakssona.

Møtet i formiddag ga spennande innblikk i gamle og nye næringar, og det stadfesta at vegen framover for Finnmark berre kan bli til viss me:
- Sikrar landsdelen rett kompetanse.
Ein kompetanse som vil gje grunnlag nye arbeidsplassar og gjer det attraktivt for unge å busetje seg i landsdelen.
- Nyttar potensialet for verdiskaping i nye og etablerte næringar. 
- Får til samhandling som bryt grenser
- Finn ei god arbeidsdeling mellom lokale, regionale og statlege styresmakter

Ikkje uventa for meg som tidlegare samferdsleminister, blei tilrettelegging av samferdsel, transport og logistikk nemnt.
Også dei haldningar me i nord og sør har til kvarandre, blei trokke fram. Korleis kan me endre desse?
Korleis kan me kombinere fossil verksemd med dei evigvarande næringane?
Og korleis kan me utvikle folk-folk-samarbeidet over grensa mot aust?

Nordområdepolitikk
I ei tid der det er mykje global uro for framtida, er det heldigvis mange positive teikn å sjå for det nordlege Noreg og Finnmark.
Som representant for regjeringa, kan eg ikkje unngå å peike på at nordområda har fått ein naturleg og tydeleg plass aller høgst på den politiske dagsorden.

Nord-Noreg framstår i eit anna perspektiv no.
Globale utfordringar knytt til klima og ressursforvaltning blir vevd saman med lokale og regionale spørsmål.

Spesielt tydeleg ser me det her i Finnmark.

Det er presentert nye mulegheiter og interessante prosjekt på fleire område.

Nokre eksempel er:

  • Alta har vore sete for suksessrike filminnspelingar og fått sitt eige petroleumsselskap med North Energy. Det er ikkje eit nordnorsk selskap, men eit oljeselskap med ståstad i Nord-Noreg.
  • Finnmarksløpet har marknadsført fylket som ein turistattraksjon i særklasse.
  • Pikene på broen har sett Kirkenes på det europeiske kulturkartet.
  • Hammerfest og Snøkvit utviklar seg vidare.
  • Loppa er blitt ei reisemål for frikjørarar på ski.

Eg kunne ha nemnt fleire andre verksemder som satsar dristig i nord.

Avtalen med Russland om delelineavtalen -  opnar for nye mulegheiter.
Det vil og enklare grensepasseringar kunne gjere. Eit viktig bidrag for ytterligare å styrkje næringssamarbeidet.

Sommaren 2010 er omtala som eit gjennombrot for kommersiell transport og logistikk langs den nordlege sjøruta.

Mykje er framleis usikkert her, men perspektiva er spennande.
Vil me få det nordlige Rotterdam her i Kirkenes, slik rapporten fra GeoNor som kom ut i forrige veke, spår?

- Det er ingen grunn til at me skal gå med lua i handa. Det er snarare på sin plass at hovudstaden bukkar og neier når finnmarkingar kjem til Oslo, uttalte regiondirektør Marit Helene Pedersen til Aftenposten i fjor.

Dette er uttrykk for ei sjølvkjensle som eg meiner finnmarkingane fortener.
Ta vare på denne kjensla.
Ho blir god å ha når det mulege skal bli verkeleg.

Frå ambisjon til handling
For det er lett å gå seg vill i optimistisk snakk og luftige draumar.
Finnmark er ikkje noko unnatak.
Eg trur det var tidlegare statsminister Odvar Nordli som sa at det er ein ting å seie hallelulja. Noko anna er å gjere det.

I regjeringa si nordområdesatsing meiner eg at me har klart å fylgje opp det visjonære – som me treng meir av i politikken – med konkret handling.
Sjølv om det sjølvsagt må enda meir til.

Frå KRD er inngangen til Nordområdestrategien tydeleg.
Det er den verdiskapinga og kompetanseauken me skal få til på land.
Ei verdiskaping knytt til naturressursar og geografisk plassering, og basert på den kunnskap folk langs kysten, i fjordane og på vidda har.

Reiseliv viktig
Her står reiselivet i ei særstilling.
Me ser ei god auke i turistdøgn. Det er bra.
Dette har vore ei medveten satsing gjennom år.

Min forgjengar Åslaug Haga tok initiativ til marknadsføringsselskapet Nord-Norsk Reiseliv AS.
No er det på beina med 50 millionar kroner frå statleg hald.
Men det er det lokale og regionale nivået som må gjere jobben.
Slik satsing er viktig fordi fleire personar i Nord-Noreg er sysselsett i reiselivsnæringa enn i fiskerinæringa og landbruket til saman.
Reiselivsnæringa sysselsett rundt 18 000 menneske.
Av desse var 2 800 årsverk i Finnmark.

Ifylgje NHO omsette næringa i landsdelen for vel 18 milliardar kr i 2009.

Litt under kvar tiande arbeidstakar i landsdelen arbeider innanfor reiseliv.

I tillegg kjem at omlag 70 prosent av dei sysselsette i reiselivet er kvinner. Det er særleg viktig i distrikta der me treng spennande jobbar som gjev bulyst for unge kvinner.
Dessutan er næringa kulturbasert. Reiselivet er både produsent og forbrukar av kultur.
Slik er næringa med på å oppretthalde eit levande kulturliv.

Levande lokalsamfunn og eit aktivt næringsliv, som tiltrekk seg kompetent arbeidskraft, vil vere det beste utgangspunkt for utvikling av reiselivet.

I arbeidet med å omsetje nordområdeambisjonar til konkret politikk, skal me ikkje gløyme løyvingane til nordområdetiltak og distriktspolitiske verkemiddel.

Det blir heller ikkje mindre viktig i åra framover korleis til dømes fylkeskommunane utviklar si rolle som koordinator.

Urovekkjande
Satsinga på Barentsregionen og utviklinga av Nordområdepolitikken har gjort at landsdelen framstår i eit større og meir optimistisk perspektiv.

Det er likevel ikkje til å unngå at det framleis er nokre urovekkjande trekk i regionen.

Folketalet i Nord-Noreg er stabilt, men det er ei intern sentralisering i landsdelen. Mange små og sårbare samfunn, særleg langs kysten, står overfor store utfordringar.

Dei er knytt til busetnad, fødselsunderskot, arbeidsløyse, næringsutvikling og tilgang på kompetente medarbeidarar.

Me må også spørje oss om utdanningssystemet i nord er tilpassa det næringslivet me skal utvikle fram mot 2030?

Kva er det som vil gjere Nordområda attraktiv for menneske med spisskompetanse?

Korleis skal me redusere det høge fråfallet frå vidaregåande skule i Finnmark?

Me ser også at offentlege arbeidsplassar dominerer.
Om kort kjem ein NOU frå eit utval som regjeringa sette ned i fjor.
Tema er mellom anna korleis kompetansearbeidsplassar i privat sektor og nye statlege arbeidsplassar kan bli betre fordelt over
heile landet. 

Å bidra til relevant og framtidsretta kunnskap er noko av det viktigaste me kan gjere for busetnad og verdiskaping.
Me treng altså framleis å ha ei konkret tilnærming og gjere regionale grep, basert på nasjonale distrikts- og regionalpolitiske målsettingar.

Tiltakssona
Difor går me no gjennom tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark. Ordninga frå 1980 har vore viktig. Og den har verka. Finnmark gjer det godt jamført med mange perifere regionar i Europa.

Men er ordninga innretta på framtidige krav til vekst og utvikling, tilgong på kapital og kompetanse?

Er ho egna til å sikre at unge menneske, av båe kjønn, finn det attraktivt å leve og drive verksemd i Finnmark?

Ville de til dømes hatt større nytte viss me omdisponerte noko av pengane for å sikre lågare makspris på flyreiser?

Eller kan det vere aktuelt å bruke meir på ei massiv tilleggssatsing på kunnskaps- og infrastrukturinvesteringar?

Med andre ord: Kva er best for framtidig verdiskaping – mot eit Finnmark i 2030?

Eg trur me må vere opne for å justere ordninga om det kjem fram faglege moment som talar for det.

Norut Alta går gjennom ordninga på oppdrag frå KRD. Eit arbeid som skal vere avslutta ved årsskiftet.
Regionale og nasjonale aktørar deltek i ei referansegruppe.

Meir enn tiltakssone
La meg slå fast:

Finnmark og landsdelen si framtid verken kan eller skal bli avgjort av korleis tiltakssona eller andre politiske verkemiddel vil sjå ut.

Viktigare er:

- korleis me forvaltar dei store naturressursane og dei endå større menneskelege ressursane

- arbeidsdelinga mellom offentleg og privat sektor og mellom nasjonal og lokalt/regionalt nivå
Kva gjeld ressursforvaltning, har nordområda alltid vore ettertrakta .
Det går mange hundre år attende.

I ei tid der global matproduksjon er under press og jakta på energi og mineralar tiltek, blir ikkje Barentshavet og nordområda mindre viktig.
Naturen her rommar mat, energi og mineralar som verda etterspør.

Her er det behov for ein meir samordna politikk for å sikre gode rammevilkår og god styring.

Slagkraft
Så er det slik at Finnmark og Nord-Noreg er små samanlikna med dei gigantane som gjerne vil ta del i og ha hand om utviklinga her nord.

Då er det heilt avgjerande at me finn saman på rett vis, og skapar slagkraftige einingar som kan møte konkurransen.

Volum er eit ord som ikkje blir oppfatta positivt. Men volum må ikkje alltid vere store sentrale einingar.
Volum blir også skapa av samarbeid.
Fylkeskommunane, Sametinget, Finnmarkseigedomen, næringslivet, kraftlaga og verkemiddelaktørane vil til dømes saman kunne gje nasjonal tyngde på viktige områder.
På næringssida vil samarbeid og samspel mellom næringsaktørar og kompetansemiljø kunne sikre nordnorske underleverandørar verksemd.
Og det vil kunne gje reiselivsnæringa nye mulegheiter i ein tøff internasjonal marknad. 

Eg trur altså at god arbeidsdeling, både på desse områda og mellom styresmakter på ulike nivå, er avgjerande for kva som blir realisert i det høge nord, det nye nord.
Kjært barn har mange namn.

Framover
Det er i år 50 år sidan Distriktenes utbyggingsfond blei etablert. Det konkrete og handlingsorienterte namnet er ei påminning om at tydeleg politikk er naudsynt for å halde landet i hevd, utvikle lokalsamfunn og leggje til rette for verdiskaping og nyskaping.

Eg trur framleis me treng ein offensiv politikk for distrikt og regionar.
Men utgangspunktet og verda er annleis enn det var på 60-talet.
Det er ikkje rett å snakke om statleg distriktsutbygging.
Vekstkrafta må også kome nedanfrå.

Men staten og offentlege styresmakter skal framleis leggje til rette for at denne vekstkrafta skal få utvikle seg.
Det har me gjort i Noreg og det skal me framleis gjere, anten det dreier seg om superraskt fiberband, samferdsleinvesteringar eller kompetansebygging.

Samspelet mellom offentlege og private, mellom topp og botn, mellom enkeltmenneske og organisasjonar.
Det samspelet avgjer om me lukkast.

Her i Finnmark ligg det utan tvil til rette for alt dette.
Det gjer meg optimistisk.
 
Og kor finn meg ein betre arena for eit slikt ordskifte enn Kirkenes?
Byen har gjennom heile si historie levd i spenninga mellom det lokale og det internasjonale.
 
Eg trur at framtida også blir skapt i dette møtepunktet.

Årets slogan for Barents Spektakel er Mind the Map.
Det er mange måtar å sjå kartet på.
Kvifor er det lenger frå Oslo til Kirkenes enn frå Kirkenes til Oslo, spør Pikene på broen.
Dei minner oss om at avstand ikkje berre er ein fysisk storleik.

Takk for meg, og lukke til med konferansen.