Historisk arkiv

Kommunane treng armslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Lokalpolitikarane må bruke handlingsrommet

Utan rom for handling kan ikkje kommunane sikre velferd og lokaldemokrati. Difor må staten styre mindre og lokalpolitikarane nytte handlingsrommet dei faktisk har, skriv kommunal- og regionalministeren i dette innlegget til Bergens Tidende.

Utan rom for handling kan ikkje kommunane sikre velferd og lokaldemokrati. Difor må staten styre mindre og lokalpolitikarane nytte handlingsrommet dei faktisk har.

Studentersamfunnet i Bergen og Bergens Tidende held fram tradisjonen med å setje lokalpolitikk og regional utvikling på dagsorden. I mars var eg her for å diskutere korleis ein kan skaffe arbeidsplassar til høgt utdanna i vest. I kveld står vilkåra til lokaldemokratiet på dagsorden.

Kommunane leverer
Me har ein velfungerande kommunesektor i Noreg. Meir enn ein halv million medarbeidarar syter for god velferd. Me har lokale folkevalde som legg til rette for lokale ordskifte om samfunnsutvikling. Me har engasjerte og tidvis utålmodige innbyggjarar, og me har ein stat som er ambisiøs på vegner av kommunar og fylkeskommunar.

Kommunane har alltid vore sentrale for utvikling av velferda i samfunnet. Gjennom historia har dei teke på seg store oppgåver og lagt grunnlaget for fleire velferdsreformer. Frå trygdeordningar til eldreomsorg, barnehagar og skulevesen, i tillegg til ei rad tekniske tenester.

Det har ikkje mangla på kritiske røyster undervegs. Likevel har kommunane handtert oppgåvene. Difor er eg også trygg på at kommunane vil makte samhandlingsreforma og nye oppgåver innan helse og førebyggjande arbeid. Mange kommunar har lenge arbeidd godt med lokalmedisinske løysingar. Ja, deler av reforma er direkte inspirert av små kommunar som i samarbeid har bygd opp lokalmedisinske senter i sine distrikt.

Nasjonale ambisjonar, men…
Det er heilt legitimt at rikspolitikarar legg føringar for velferd og utvikling. Me har rett nok 430 sterke kommunar, men berre ein nasjonalstat. Føringar i form av til dømes øyremerking, retningsliner, individuelle rettar, lover og forskrifter kjem alltid med dei beste intensjonar. Men når det skjer på mange politikkområde samstundes blir handlingsrommet for kommunane for snevert.

Skal me få gode og effektive tenester i kommunane, må staten ha ei kritisk haldning til korleis me styrer kommunane. Me har god dokumentasjon, mellom anna frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), på at me det siste tiåret har fått sterkare statleg styring gjennom lov og forskrift, sterkare individuelle rettar og omfattande krav om rapportering frå kommunane.

For mange krav?
Me må spørje om me har fått for omfattande krav til dokumentasjon av prosessar og prosedyrar? Tek dette så mykje tid at det blir for lite tid til å yte sjølve tenesta? Kan meir og betre kommunal eigenkontroll erstatte noko av den statlege kontrollen?
Og ikkje minst, kvar går balansen mellom sentral styring og lokalt skjønn ut frå lokale behov? Er direktorat og tilsyn for ivrige i tenesta? Eg er ikkje i tvil om at  løysingane for vekst og velferd i framtida blir betre om kommunane formar dei utifrå lokale forhold. Måla kan me ofte einast om på nasjonalt nivå, men midla for å nå måla kan med hell variere lokalt.

La meg gjere det klart at sjølv om kommunane skal ha handlingsrom, skal nasjonale mål bli ivaretekne. Det er muleg å sikre begge deler. Me skal ikkje avvikle statleg styring, men ha ei kritisk haldning til korleis staten styrer.
Nasjonale omsyn og mål skal sikre likeverdige tenester, rettstryggleik for einskildpersonar og særleg vern for utsette grupper.
Ein stor kommunesektor er også ein del av nasjonaløkonomien. Difor må staten styre gjennom politiske vedtak. Staten har også eit legitimt behov for kontrollere resultata.

Stram styring, men…
Kvar for seg kan styringsgrepa innan den einskilde sektor vere godt grunngjevne, men sett i samanheng, kan dei bli for stramme.
Det er uheldig fordi ei overdriven tru på statleg styring vil kunne truge kommunen som institusjon. Verdiar som legitimerer kommunen er mellom anna lokalt tilpassa velferdstilbod, effektive løysingar, deltaking og demokrati.

Lokal tilpassing gjer at lokalpolitikarar kan prioritere og tilpasse statleg politikk til lokale behov, innanfor avgrensa økonomiske rammer. Me hadde neppe hatt eit så godt velferdssystem viss me hadde basert oss på lokale statlege etatar.
Lokal styring er også effektiv styring. Det er populært å snakke om dei store velferdsutfordringane. Sterke velferdskommunar sikrar god ressursbruk og gjev velferdseffektar på eit overordna plan.

Deltaking legitimerer
Utan at innbyggjarane får ta del i utforminga av velferdstilbod og lokalsamfunn, er ikkje lokaldemokratiet mykje verd.
Sjølv om staten styrer ivrig, held det likevel ikkje berre å skulde på nasjonale føringar. Det vil alltid vere eit handlingsrom i lokalpolitikken.
Norske kommunar kan i prinsippet gjere kva dei vil, så lenge ei lov ikkje seier noko anna. Utfordringa for lokalpolitikarane er å sjå kvar mulegheitene ligg.

Alt for mange politikarar i kommunar og fylke overlet det politiske initiativet til administrasjonen. Dei kjem inn i sakene etter at administrasjonen, gjerne i lukka prosesser, har lagt premissane. Politikarane har ansvaret for den kommunale verksemda. Det krev at dei går inn i rolla som politikarar, sjølv om det gjer at dei må ta upopulære avgjerder.

Staten skal vite kva han vil, men lokalpolitikarane må også ha frimod og rom til å finne dei gode lokale løysingane.