Historisk arkiv

Kva er rasjonell pengebruk i kommunane, VG?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til VG 12.01.2011.

- Den kommunestrukturen me har i dag er ikkje, slik VG freistar å framstille det, eit trugsmål mot framtidig velferd, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

VG kommenterer på leiarplass 11. januar ei undersøking frå BI-forskarane Rune Sørensen og Lars Chr. Munkerud om kvifor innbyggjarane i små kommunar er meir nøgde enn innbyggjarane i større kommunar.

Eg er samd med VG i at det ikkje er enkelt å måle kor tilfreds innbyggjarane er. Men avisa tek ikkje innbyggjarane på alvor når ho med Akersgata som utkikkspunkt, hevdar at ”en time eller tre ekstra i bilen” ikkje betyr noko berre tenestene er gode.

Ukritisk avis
Avisa framstår som eit ukritisk talerøyr for at alt som er stort er effektivt og til innbyggjarane sine beste. Som ein økonomiprofessor skal ha sagt om organiseringa av postvesenet i Noreg: Det mest rasjonelle for postvesenet isolert, var om kvar nordmann drog til Oslo kvar dag for å hente posten sin.

Sjølvsagt skal kommunesektoren vere effektiv. Difor har eg gjentekne gonger oppfordra kommunane til å arbeide for å redusere sjukefråvere og høge energirekningar. Her er det milliardar av kroner å spare. Eg er heller ikkje mot kommunesamanslåingar, når dei finn stad frivillig.

Men effektive kommunar er også dei som tek innbyggjarane sine på alvor og gjev dei mulegheit til å påverke tilboda. Er demokratisk deltaking ein utgiftspost i VG sin rekneskap?

Trugar ikkje velferd
Den kommunestrukturen me har i dag er ikkje, slik VG freistar å framstille det, eit trugsmål mot framtidig velferd. Til det utgjer dei små kommunane for lite av den totale kommunale velferdsproduksjonen.

Ein mangfaldig struktur gjer det muleg å halde fast på eit mål om fridom til busetjing. Ein politikk det hittil har vore brei politisk semje om, og som legg til rette for framtidsretta forvaltning av dei ressursane som natur og menneske representerer. Eg er overtydd om det er god samfunnsøkonomi å halde landet i hevd på ein slik måte.