Historisk arkiv

Svar til Nationen 10.september.

Kvifor lokalvalet er viktig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei stemme ved lokalvalet er ikkje bortkasta. Her er tre gode grunnar for å bruke stemmeretten, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommentator Erling Kjekstad tek feil når han i Nationen 9. september skriv at ei stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag er ei stemme til avmakta.
Kvifor er analysen frå den røynde politiske kommentatoren for pessimistisk, og kvifor er det viktig å bruke stemmeretten ved lokalvalet?

Eg skal gje Kjekstad og lesarane tre gode grunnar.

Den første er at nasjonale ambisjonar på viktige velferdsområde ikkje er noko nytt, sjølv om fleire no snakkar om lovfesta rettar. Kommunane har gjennom historia stått for utbygging av sentrale velferdstenester. Lokal forvaltning gir gode og effektive løysingar nær innbyggjarane. Dette er det framleis rom for.

Andre grunn for å delta i valet av lokale ombod er at kommunar og fylkeskommunar har ei sentral rolle i å utvikle gode lokalsamfunn. Det vil seie  samfunn som er rause med innflyttarar, legg til rette for nyskaping og næringsutvikling, bidreg til gode fritids- og kulturtilbod og utviklar lokaldemokratiet.

Den tredje grunnen er at eit lokal demokrati med god oppslutnad er ein garanti for balansert utvikling, verdiskaping over heile landet og mulegheit til å busetje seg utanfor pressområde. Nei, dette er ikkje festtale, men politiske realitetar. Noreg har tradisjon for mykje god og konstruktiv motmakt. Ei stemme måndag bidreg til at me framleis får eit mangfaldig og levande land.

Kjekstad etterlyser eit nytt stort reformforsøk, lik den regionreforma som blei lansert. Han gløymer at det går føre seg eit viktig reformarbeid i kommunar og fylkeskommunar kvar dag. Han gløymer også at me har ei god folketalsutvikling i mange distriktskommunar. Ja, den beste sidan 1962.

Eg er einig med Kjekstad i at det er mange som vil styre lokalpolitikarane. Men den kampen vinn me ikkje ved å stemple dei som avmektige.
Godt val!