Historisk arkiv

Mange kommunar best for landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenposten 11.01.2011.

- Framfor ein einspora debatt om økonomi, må me spørje kva me vil med kommunane, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Kommunestruktur. Kva er problemet med at Noreg er eit mangfaldig land med spreidd busetnad? Eg reiser spørsmålet etter at to BI-forskarar og Aftenposten har gjort det til eit problem at innbyggjarane i små kommunar er meir nøgde med tenestene enn dei som bur i større kommunar. Det kan ikkje vere noko gale i at politikken verkar?

Me har lukkast med å leggje til rette for fridom til å busetje seg der ein vil og at kommunar av ulik storleik er gode samfunn for innbyggjarane sine. Ein slik politikk har det hittil vore brei politisk semje om. Det har også vore brei semje om at kommunane framleis skal vere sentral i forvaltinga av velferdstenestene. I dag har kommunane hand om lag 70 prosent av desse tenestene.

Halde i hevd. Det sikrar nærleik til innbyggjarane, lokal politisk kontroll og effektiv og tilpassa oppgåveløysing. Det gjer kommunane i all hovudsak på ein god måte. Sjølvsagt kostar det å halde landet i hevd. Det er eit politisk val regjeringa meiner er samfunnsøkonomisk fornuftig.

Det legg til rette for verdiskaping, gjennom god forvaltning av dei ressursane naturen og menneska representerer. Det gjer det også muleg å realisere sine liv utanfor dei mest urbane områda. Ei for sterk sentralisering er ikkje noko me ynskjer.

Eg vonar me framleis skal ha eit breitt politisk fleirtal for desse pilarane i det norske samfunnet.

Ikkje heilagt. Eg er glad for at Aftenposten slår fast at kommunesamanslåingar med tvang ikkje er vegen å gå. Både eg, Senterpartiet og regjeringa er open for samanslåingar. Viss dei kjem frivillig, skal dei få mi støtte, slik Inderøy og Mosvik nyleg fekk. Kommunane må vere budd på omstilling og endring. Og dei må sjølvsagt sjå kvar dei kan spare, til dømes ved å redusere sjukefråvere og få eit meir medvete energiforbruk.

Ei sentralstyrt samanslåing, også under dekkje av såkalla økonomiske gulrøter, vil derimot ikkje fremje velferd, omstilling og lokaldemokrati. Det er å kaste vrak på dei verdiane som kjenneteiknar Noreg. Verdiar me treng for leggje til rette for livskraftige lokalsamfunn og ein velfungerande nasjon.

Kva vil me? Framfor ein einspora debatt om økonomi, må me spørje kva me vil med kommunane. Skal me redusere dei til organ som berre leverer velferd på vegner av staten? Eller skal dei kunne ta vare på nærleik til innbyggjarane, lokal styring, leggje til rette for næringsliv, nyskaping og lokal samfunnsutvikling?

For meg er svaret enkelt.