Om forenkling av våtromsreglane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Tale/innlegg | Dato: 28.06.2011
- Nokre aktørar har vore kritiske til forslaget vårt om å fjerne søknadsplikta for våtromsarbeid. Dei lurer endatil på om forslaget strid mot plan- og bygningslova, skriv statssekretær Hege Solbakken, som minner om at forslaget no er på høyring, og at det er mogeleg å kome med innspel fram til 20.09.11.
Nokre aktørar har vore kritiske til forslaget vårt om å fjerne søknadsplikta for våtromsarbeid. Dei lurer endatil på om forslaget strid mot plan- og bygningslova.
For å ta det siste først: Det finst ingen lovregel som stadfestar søknadsplikt for våtromsarbeid. Søknadsplikta kjem fram i Forskrift om byggjesak § 2-2. Forskrifter skal som kjent tydeleggjere lovreglane til å gjelde bestemte tilhøve. Dei kan bli endra viss tilhøva krev det, utan at lova si hovudinnretning blir endra. I denne saka er det behovet for forenkling som gjer at vi vil endre forskrifta.
Søknadsplikt (med krav om bruk av ansvarlege føretak) for våtrom blei innført på nytt i 2010. Då blei det også innført krav om uavhengig kontroll, noko som ikkje blir sett i kraft før i 2012. Etter at søknadsplikta for våtromsarbeid blei gjeninnført, har det etter kvart blitt avdekka tilfelle av tungvint og ulik handsaming av søknader og ansvarlege føretak. Mange har peika på omfattande skjema, omstendeleg kommunal sakshandsaming og høge gebyr.
Difor har Kommunal- og regionaldepartementet sendt eit forslag til forenkling av reglane ut på høyring. Målet er å gjere det enklare for dei som skal byggje, og å gje kommunane større spelerom til å bruke ressursane sine formålstenleg.
Vi har inntrykk av at huseigarar i stadig aukande grad spør etter fagleg kvalitet og dokumentert kompetanse hos handtverkarar som skal rehabilitere eller byggje nytt bad. Forbrukarane synes å vere meir opptekne av at våtromma deira blir bygde i tråd med byggjebransjen sin våtromsnorm. Samstundes har byggjebransjen sine opplæringstiltak gjort at særleg rørleggjarar, men også murmeistrar og byggmeistrar, no har betre kompetanse på våtromsarbeid.
Det er viktig med god kvalitet på bad. Vi trur bustadeigarar sjølv er interesserte i å ha bad som ikkje lekk, og at dei difor kan ta eit sjølvstendig ansvar for at tiltak i eigen bustad blir utført av folk med kompetanse på området.
Eg minner om at forslaget no er på høyring, og at det er mogeleg å kome med innspel fram til 20.09.11.