Historisk arkiv

Innlegg sendt alle aviser.

Openheit best for folkestyret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Ved å ta eit tydeleg politisk ansvar sikrar politikarane meir openheit, meir innsyn og meir debatt, skriv kommunal- og regionalministeren i dette innlegget om openheit og meir offentlegheit.

Tillit hjå innbyggjarane er avgjerande for at kommunale medarbeidarar og lokalpolitikarar skal kunne løyse oppgåvene sine. Slik tillit sikrar me mellom anna gjennom ei open og tilgjengeleg forvaltning.

Difor er kartlegginga som Offentlegutvalet i Norsk presseforbund har gjort av openheiten i norske kommunar viktig.

Mange opne kommunar
Openheitsindeksen syner at mange kommunar legg tilhøva godt til rette for innsyn. Dei har postjournal på nett, effektiv publisering av ulike dokument, god informasjon om politikarane, opne møter og god kjennskap til lovverk. Dei har rett og slett ei medveten haldning til openheit og ytringar.
I andre enden av skalaen slit dessverre ein del kommunar med dei same oppgåvene.

Kåringa seier likevel lite om den kommunale praksisen er ulovleg eller ikkje. Kriteria er ikkje knytt direkte opp mot lovkrava, men i hovudsak til praksis utover lovkrava.

Tek openheit for gitt
Indeksen er likevel ei påminning om at openheit og innsyn er noko me no ser som sjølvsagt.

Forklaringa er enkel. Dei nyvalde lokalpolitikarane er ansvarlege for komplekse organisasjonar. Kommunane leverer viktige velferdstenester, dei sysselset mange og rår over store verdiar. Dei er også viktig for utvikling av lokalsamfunnet.

Skal desse organisasjonane fungere, innanfor ramma av eit godt lokaldemokrati, må innbyggjarane ha tillit til dei. Dei må vite at offentlege midlar blir brukt på best muleg måte og at vedtak blir gjort etter lova og på ein gjennomskinleg måte.

Slik tillit oppnår me mellom anna gjennom demokratisk kontroll og at me tek konsekvensen av at retten til innsyn i offentleg verksemd er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp.

Ta politisk ansvar
Korleis kan me hindre at openheit blir eit honnørord? Mellom anna ved å minne oss sjølve om at manglande openheit kan svekke tilliten til lokaldemokratiet.
Eit av dei aller viktigaste tiltaka er at dei folkevalde sjølve sørgjer for at det som er politiske saker blir handsama i kommunestyret eller andre folkevalde organ.

Det er viktig at kommunestyret er medvite kva saker og avgjerder det delegerer til administrasjonen og andre organ.
Ved å ta eit tydeleg politisk ansvar sikrar politikarane meir openheit, meir innsyn og meir debatt.
Dei må rett og slett opptre som det dei er, folkets tenarar.

Meir offentlegheit
I løpet av dei siste åra har Stortinget vedteke endringar i både reglane om møteoffentlegheit og dokumentoffentlegheit. Det har vore eit mål å leggje til rette for meir openheit i kommunal verksemd.

Eg ynskjer likevel at det blir openheit på fleire område enn i dag. Kommunal- og regionaldepartementet oppsummerer i desse dagar ein høyringsrunde der me mellom anna gjorde framlegg om at møte i kontrollutval og kommunale føretak som hovudregel skal vere opne.

Kommunale føretak er ein del av kommunen, og eg meiner det bør vere stor grad av openheit kring deira verksemd. I tillegg ynskjer eg å likestille kontrollutvalet med andre folkevalde organ. Eg føreslår difor at møta deira som hovudregel skal vere opne. I dag vel kontrollutvala sjølve om møta skal vere opne eller ikkje.

Eg oppmodar alle nye og gamle lokalpolitikarar til å sørgje for opne politiske prosessar og dokument. Openheit kan me styre gjennom regelverk, men det handlar vel så mykje om kultur, haldningar og tradisjonar.

Dei kommunane som kom godt ut av rangeringa til Presseforbundet, må halde fram med det gode arbeidet. Dei kommunane som fekk dårleg omtale, må lære av dei gode. Uansett forventar innbyggjarane og media innsyn i lokalpolitikken. Det er også det beste for demokratiet.