Historisk arkiv

Urbanisering ute av kontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kronikk i forbindelse med UN Habitat 11.-13. april 2011.

Kronikk i forbindelse med UN Habitat 11.-13. april 2011.

Stadig fleire menneske bur under uverdige levekår i store byar. FNs busettingsprogram UN-Habitat set denne veka urbaniseringa øvst på dagsorden.

Meir enn halvparten av folkesetnaden i verda bur no i byar. Innan 2030 vil fem milliardar menneske bu i byar. 80 prosent av desse i utviklingsland. Der veks byane urovekkjande og ut over alle grenser.

Konsekvensane er dramatiske for det einskilde menneske. Dei håpar på eit betre liv, men må leve i slummen. Det blir fort ei tilvere utan økonomiske, politiske og sosiale rettar, og utan vern mot naturkatastrofar. 

Globalt perspektiv
Difor er det eit tema med globale perspektiv og konsekvensar som blir diskutert under det 23 styremøtet i UN-Habitat i Nairobi i Kenya denne veka. Her møtast representantar frå heile verda for å diskutere korleis dei kan forbetre levekåra for alle dei som bur under uverdige forhold.

Verda kan ikkje vere likegyldig til at ein milliard slumbebuarar har liten eller ingen tilgang til det me her heime ikkje kan klare oss utan, nemleg bustad, reint vatn og grunnleggjande sanitære tilhøve.

Ikkje minst gjev urbaniseringstakta grunn til uro når me veit at 70 prosent av dei som bur i slummen er unge menneske. Dei er framtida vår, men me gjev dei lite å tru på viss me ikkje maktar å handtere dei brutale sidene ved ein ukontrollert byvekst.

Eit døme på at det er muleg å gjere noko finn me ikkje langt unna hovudkvarteret til UN Habitat i Nairobi. I ein del av den enorme Kibera-slummen, har Det urbane ungdomsfondet støtta eit tiltak der hushaldsavfall blir resirkulert.

Plastavfall skapar mulegheiter
Arbeidsledig ungdom har gjennom gruppa Kameliza Environmental Youth Group sjølv teke initiativet til prosjektet. Men det skitne plastavfallet dei fekk selt vidare ga lite pengar. Med støtte frå Ungdomsfondet, skaffe dei ei maskin som hjelper dei unge til å vaske skittent plastavfall. Maskina er gull verd, seier dei unge sjølv. Den skape større inntekter. Slik er det blitt arbeid og eit meiningsfylt liv for mange unge. Dei står fram som positive deltakarar i samfunnet, og dei er gode rollemodellar for andre som veks opp der.
Fondet blei oppretta etter initiativ frå Noreg, og har som mål å redusere fattigdom ved å støtte prosjekt leia av og for urban ungdom. Prosjektet har også har betra det lokale bumiljøet, er eit av 116 prosjekt som har fått støtte frå fondet dei siste to åra.

For ein norsk bustadstatsråd vil sjølvsagt eit besøk i Kibera-slummen, der halvparten av folkesetnaden i Nairobi bur på fem prosent av buarealet i millionbyen, vere ein voldsam kontrast til bustadutfordringane her heime.

Lokalt sjølvstyre
Samstundes er merksemd og bidrag frå utanverda naudsynt for å finne løysingar på problem knytt til slumområda. Gjennom UN Habitat arbeider me for å motivere nasjonale styresmakter til å utvikle eit betre lokalt sjølvstyre. I Kenya, som i Noreg, er det ofte dei lokale styresmaktene som veit kvar problema er og skoen trykkjer.
I tillegg til å leggje til rette for politisk deltaking og påverknad, er betre transportløysingar, tilgang til reint vatn, forsvarleg kloakk og sjølvsagt også bygging av tryggare husvære aktuelle tema.

Noreg støttar også det arbeidet Amnesty International driv retta mot tilhøva i Nairobi-slummen. Her blir merksemda mellom anna retta mot tvangsutkasting på kort varsel, og utan alternativ bustad.

Takta i urbaniseringa i Afrika og Asia er så høg at den raskt kan ta pusten frå oss. Ungdomen i Kameliza har likevel vist at lokal handling nyttar. Difor er det viktig for Noreg å halde fram med eit forpliktande samarbeid med UN Habitat.