Historisk arkiv

Kommentaren blei sendt til Nationen 13.04.2011.

Urbanisering ute av kontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

For ein norsk bustadstatsråd var sjølvsagt vitjinga i Kibera-slummen, der halvparten av folkesetnaden i Nairobi bur på fem prosent av buarealet i millionbyen, ein voldsam kontrast til bustadutfordringane her heime, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i denne gjestekommentaren.

Stadig fleire menneske bur under uverdige levekår i store byar. Gjennom FNs busettingsprogram bidreg Noreg til å setje urbaniseringa på dagsorden.

Rett nok veks også mange norske byar, men mindre tettstader og bygda står framleis sterkt. Slik er det ikkje alle stader. Det fekk eg nyleg god innsikt i som deltakar i styremøtet i FN-organet UN-Habitat i Nairobi i Kenya.

Meir enn halvparten av folkesetnaden i verda bur no i byar. Innan 2030 vil fem milliardar menneske bu i byar. 80 prosent av desse i utviklingsland. Der veks byane urovekkjande og ut over alle grenser.

Konsekvensane er dramatiske for det einskilde menneske. Dei håpar på eit betre liv, men må leve i slummen. Det blir fort eit tilvere utan økonomiske, politiske og sosiale rettar, og utan vern mot naturkatastrofar. 

Globalt perspektiv
Difor var det eit tema med globale perspektiv og konsekvensar som var tema i Kenya. Her møttest representantar frå heile verda for å diskutere betring av levekåra for dei som bur under uverdige forhold.

Verda, og aller minst me i Noreg, kan ikkje sitte roleg å sjå på at ein milliard slumbebuarar har liten tilgang til det me her heime ikkje kan klare oss utan, nemleg bustad, reint vatn og grunnleggjande sanitære tilhøve.

Ikkje minst gjev urbaniseringstakta grunn til uro når me veit at 70 prosent av dei som bur i slummen er unge menneske. Dei unge er framtida vår, men dei har lite å tru på viss me ikkje handterer ein ukontrollert byvekst.

Eit døme på at det likevel er muleg å gjere noko fikk eg sjølv sjå ikkje langt unna hovudkvarteret til UN Habitat i Nairobi. I ein del av den enorme Kibera-slummen, har FN-programmet støtta ein ungdomsgjeng som har sett i gang eit kartprosjekt. Ved hjelp av GPS laga dei kart over nærområdet sitt. Ungdomane merka viktige bygningar, gater og utrygge stader.

Slik har eit av mange slumområde plutseleg fått ein identitet. Dei som bur der er frå ein stad. Dei kan føle seg tryggare og dei har fått meir kunnskap om eiget nærområde. I tillegg har mange unge fått et meiningsfylt arbeid, og dei framstår som gode rollemodellar.

For ein norsk bustadstatsråd var sjølvsagt vitjinga i Kibera-slummen, der halvparten av folkesetnaden i Nairobi bur på fem prosent av buarealet i millionbyen, ein voldsam kontrast til bustadutfordringane her heime.

Lokalt sjølvstyre
Samstundes er merksemd og bidrag frå utanverda naudsynt for å finne løysingar på problem knytt til slumområda. Gjennom UN Habitat arbeider me for å motivere nasjonale styresmakter til å utvikle eit betre lokalt sjølvstyre. I Kenya, som i Noreg, er det ofte dei lokale styresmaktene som veit kvar problema er og skoen trykkjer.
I tillegg til å leggje til rette for politisk deltaking og påverknad, er betre transportløysingar, tilgang til reint vatn, forsvarleg kloakk og sjølvsagt også bygging av tryggare husvære aktuelle tema.

Takta i urbaniseringa i Afrika og Asia er så høg at den raskt kan ta pusten frå oss. Ungdomen i Kibera har likevel vist at lokal handling nyttar. Difor er det viktig for Noreg å halde fram med eit forpliktande samarbeid med UN Habitat.