Historisk arkiv

Feil om eigedomsskatt i Adresseavisen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Adresseavisen har misforstått meg i spørsmålet om eigedomsskatt og lokal sjølvstyre, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Adresseavisen har misforstått meg fullstendig i spørsmålet om eigedomsskatt og lokal sjølvstyre. Eg har ikkje, slik avisa skriv på leiarplass 7. september sagt at «kommuner som velger eiendomsskatt får en økonomisk gulrot fra staten.» Sanninga er tvert om.
Departementet har nyleg presisert overfor fylkesmennene at det ved tildeling av skjønnsmidlar er opp til det einskilde kommunestyre sjølv å velje kva for inntektskjelder som skal aukast, eller kva for utgifter som skal kuttast. Fylkesmannen kan altså ikkje krevje at kommunane skal auke bestemte inntekter, til dømes eigedomsskatt, eller foreslå kutt i konkrete utgifter.
Derimot har Høgre gjennom valkampen freista å framstille det som om Senterpartiet i Kommunal- og regionaldepartementet har endra retningslinene for skjønnsmidlar. Realitetane i regelverket er dei same som då Erna Solberg var kommunalminister.