Historisk arkiv

Innlegget ble sendt til Dag og Tid 31.05.2011:

Vedlikehald og kommunalt sjølvstende

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kva gjeld kommunane sine mulegheiter til å handtere vedlikehaldsutfordringane, er dei blitt styrkja under den raudgrøne regjeringa, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Det er bra at Dag og Tid set søkjelys på vedlikehald innanfor kommunal sektor. Kommunane treng støtte for å sikre midlar til å ta godt vare på dei bygningane som skal huse skuleelevar, sjukeheimsbuarar og tilsette.

No skal ikkje eg ta stilling til ordskiftet mellom interesseorganisasjonen KS og ein representant frå Arbeidstilsynet. Men eg noterer at det er eit godt døme på at statlege sektorinteresser ser annleis på verda enn kommunar som må tenkje heilskap og avvege mange omsyn. Dette er eit tema me vil drøfte nærare i den stortingsmeldinga om forholdet mellom stat og kommune som etter planen kjem i august.

Kva gjeld kommunane sine mulegheiter til å handtere vedlikehaldsutfordringane, er dei blitt styrkja under den raudgrøne regjeringa. Den generelle kommuneøkonomien er blitt betre og i tillegg satsa me tungt på ein vedlikehaldspakke i samband med finanskrisa. Kommunesektoren meldte allereie i 2008 at arbeidet med vedlikehald gikk i riktig retning, altså før tiltakspakken på nesten fem milliardar kroner.

Så har direktør Helge Eide i KS eit poeng i innlegget sitt sist veke at det er krevjande for lokalpolitikarar å skulle prioritere mellom ulike gode føremål. Dei statlege styringssignala og forventningane spriker og veljarane har ulike interesser. Eg er også einig med han i at stat og kommune må samarbeide for å sikre god eigedomsforvalting.

Samstundes kjem me ikkje unna at politikk, også lokalt, dreier seg om å setje nokre oppgåver førre andre, og forklare desse vala overfor utålmodige innbyggjargrupper.