Historisk arkiv

Alle skal ha breiband

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg sendt Nationen april 2012

Raskt nett er infrastruktur på line med vatn og straum. Eit moderne samfunn kan ikkje akseptere at 300.000 nordmenn ikkje fullt ut får ta del i den digitale kvardagen.

Raskt nett er infrastruktur på line med vatn og straum. Eit moderne samfunn kan ikkje akseptere at 300.000 nordmenn ikkje fullt ut får ta del i den digitale kvardagen.

Talet kjem fram i ein fersk rapport som Vista Analyse har laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet  (KRD). Rapporten syner også at det er stor samfunnsnytte av breiband. Difor er denne digitale klasseskilnaden uheldig.

Kvardag på nett
Det er vanskeleg for mange av oss å tenkje seg ein kvardag utan arbeidsoppgåver, banktenester, ver- og føremeldingar, nyheiter og kontakt med familie og venner via nett. For 20 år sidan hadde berre ein av 20 nordmenn mobiltelefon. Ein telefon som var så tung at den var utstyrt med bærereim.

I dag bruker norske familiar 65 milliarder kroner årleg på media, med mobiltelefoni, betal-TV og breiband som viktige drivkrefter. Difor er det uheldig at 300.000 innbyggjarar ikkje får nyte godt av den informasjons- og kunnskapsdelinga på nettet som andre ser som sjølvsagt. Dette set verdiskaping, velferd og tenesteyting attende. Med andre ord er det dårleg samfunnsøkonomi.

Breiband til alle
Mange syntes nok at me tok hardt i da me lova breiband til alle hushaldningar i Soria Moria-erklæringa for snart sju år sidan. Det tok ikkje lang tid før utviklinga gjekk raskare enn kva dei største optimistane hadde trudd.

Nye digitale tenester har endra kvardagen til folk flest. Det er ei god nyheit for Noreg at nordmenn samlast på nett. Der er ikkje avstandar ei ulempe. Tvert om skapar møtet mellom menneske på nettet utveksling av kunnskap, informasjon og idear. Det betyr store mulegheiter for privat innovasjon og offentleg tenesteyting.

Men det gjeld berre dersom me har god nok kapasitet i breibandet. Samfunnsnytten vil bli enda høgare når alle får godt nok breiband til å gjere dei mest daglegdagse ting, som e-post, nettbank, informasjonsinnhenting og nettsurfing. Det er altså ikkje berre god distriktspolitikk å syte for god breibandsdekning over heile landet, men og god samfunnsøkonomi.

Auka kapasistet
Rapporten frå Vista Analyse peikar på at om lag fire Mbit/s er naudsynt for normal nettbruk i dag. Det er altså denne kapasiteten rundt 300 000 nordmenn ikkje har tilbod om.

Samstundes er behova for kapasitet i sterk auke. Mellom anna peikar bransjeaktørar på at veksten i fildeling og videokommunikasjon aleine vil krevje mykje kapasitet. Det fortel oss at kapasitetsbehovet ved normalt nettbruk ikkje er fire Mbit/s om nokre år, men eit heilt anna og høgare nivå.

Mange føretak investerer stort i den digitale infrastrukturen. Det er ei satsing som mellom andre telekomanalytikar Tore Aarønæs i Norsk Telecom kritiserer. Han meiner høghastighetsbreiband ikkje er naudsynt fordi han ikkje kan sjå at den viktigaste kommersielle drivkrafta for utbygginga, underhaldningstenestene, er nyttig.

Han må ha gløymd at brukarane medverker til at landet får ein moderne infrastruktur. Det er betaling frå kundane som syter for at stamnettet blir bygd ut og at den digitale motorvegen nærmar seg heimane våre over heile landet. Den digitale allemannsretten blir styrka. Det er ein infrastruktur som er like viktig som vann, veg og strøm. Alle, uansett kvar dei bur, skal ha tilgang til den.

Supplere marknaden
Den store utfordringa for meg som kommunal- og regionalminister er at det ikkje alle stader er nok kundar til at aktørane ønskjer å byggje ut høg nok kapasitet til å dekkje normalt behov. På slike stader har Kommunal- og regionaldepartementet gitt tilskot til utbygging av breiband.

Rapporten frå Vista syner at det må enda meir innsats til for å nå målet i Soria Moria II om at heila landet skal ha tilstrekkeleg breibandskapasitet til å møte framtidige behov. Det er ei målsetting som er viktig for å sikre likeverdige og gode tenester i heile landet. Slik legg me også det beste grunnlaget for verdiskaping og velferd.

I Regjeringa har me framleis den same ambisjonen som det Harald Hårfagre hadde for Noreg for 1140 år sidan. Me skal samle heile Noreg til eit rike – denne gongen også på nettet!