Historisk arkiv

Einsidig om kommunestruktur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tilsvar til leiar i VG

Noregs nest største avis er tålmodig. VG held på leiarplass 8. mai fram sitt køyr for større og færre kommunar. Denne gongen med støtte frå ein fersk resolusjon frå landsmøtet i Høgre.

Noregs nest største avis er tålmodig. VG held på leiarplass 8. mai fram sitt køyr for større og færre kommunar. Denne gongen med støtte frå ein fersk resolusjon frå landsmøtet i Høgre.

Det er vanskeleg å få tak på grunngjevinga for det VG og Høgre meiner, utover ei tru på at større kommunar skal gjere meir av høgare kvalitet og at småkommunar er eit problem.

Eg diskuterer gjerne korleis kommunestruktur og forvaltning kan sikre eit levande lokalt folkestyre og best mulig velferd og verdiskaping. Men la oss ha nokre fakta for ordskiftet klare.

VG trekk inn inntektsystemet for kommunane. Det er naudsynt å nyansere påstanden om at dette gjev store økonomiske fordelar til små kommunar.

Inntektssystemet skal sikre gode og likeverdige tenester i heile landet. Basert på fagleg skjønn, utliknar systemet skilnader i kostnader ved å drive ein kommune. Desse skilnadene, mellom anna grunna i norsk geografi og historie, blir ikkje oppheva sjølv om me slår saman kommunane.

Så har me eit småkommunetilskot i overføringssystemet. Dette utgjer mindre enn ein prosent av det samla rammetilskotet til kommunane i 2012. 5,9 prosent av innbyggjarane i landet bur i kommunar som mottek dette tilskotet.

Dette gjev nøgde innbyggjarar, eit likeverdig tenestetilbod og bidreg til å halde landet i hevd. Å tru at velferdsstaten Noreg sparar store summar på å tvinge dei minste kommunane saman, er i beste fall naivt. Meiner VG tvangsflytting av innbyggjarar er naudsynt? Vil avisa ha eit velfødd A-lag og sultefora B-lag av kommunar?

Avisa burde heller ta til orde for kommunesamanslåingar rundt dei største byane. Interessant nok er det  ikkje noko massivt krav om samanslåingar frå Høgre-styrte kommunar i tettbygde og samanvekste område - til liks med haldninga i resten av landet.

Ein mangfaldig kommunestruktur er med på å sikre eit mangfaldig land. Slik sikrar me produktive distrikt og ekspansive regionar. Med Senterpartiet i front har det vore brei politisk semje om ein slik politikk.

Kvifor? Jo, fordi det sikrar god forvaltning av dei ressursane som norsk natur og dei menneske som bur her representerer.

Er det ein slik politikk VG og Høgre no vil ta eit oppgjer med?