Historisk arkiv

Tilsvar i avisa Firda til styreleiaren i NHO Sogn og Fjordane

Ja, eg er med på laget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Styreleiar Ole Schanke Eikum i NHO Sogn og Fjordane spør i Firda 20. januar om eg er med på det laget som skal utvikle Noreg. Kritikken min av NHOs årskonferanse har fått han til å spørje. Svaret er enkelt. Ja, eg er med blant dei kreftene NHO vil mobilisere for at Noreg framleis skal vere ein god stad bu, arbeide og drive næringsverksemd.

Styreleiar Ole Schanke Eikum i NHO Sogn og Fjordane spør i Firda 20. januar om eg er med på det laget som skal utvikle Noreg. Kritikken min av NHOs årskonferanse har fått han til å spørje.
 
Svaret er enkelt. Ja, eg er med blant dei kreftene NHO vil mobilisere for at Noreg framleis skal vere ein god stad bu, arbeide og drive næringsverksemd.
Ser me forbi dei mest polemiske formuleringane i innlegget, er Schanke Eikum og eg einige om svært mykje. Det gjer det ikkje mindre underleg at NHO valde å marknadsføre årskonferansen med utspel om kommunegrenser og privatisering.
 
Einsidig program
Som NHO-leiaren her i fylket er inne på, var det eit innhaldsrikt program. Eg fekk nok med meg meir enn han trur. Men diskusjonen om kommunestruktur og kommunal organisering var ikkje spesielt mangfaldig. Det fekk eg også attendemeldingar om frå fleire deltakarar. Det var ikkje berre eg som sat med kjensla av at uansett spørsmål, så svara NHO færre kommunar.
 
Schanke Eikum peikar på kor viktig det er med kompetanse for å utvikle tenesteytande næringar i ein internasjonal marknad. Han dreg fram behovet for effektiv samferdsle, fornuftige innkjøpsordningar, moderne digital infrastruktur og gode bu- og arbeidsområde.
 
Fleire tiltak
På desse og mange andre område meiner eg at denne regjeringa har arbeidd målretta for å gjere tilhøva betre. Både einskildpersonar og verksemder har merka dette. Samstundes er det meir å gjere.
 
Difor arbeider eg og departementet tett med unge gründerar. Nyleg tok eg Grunderrådet med til Sogndal og lærde om Sogndalsmodellen for etablering og samarbeid. Me vil ha dei unge sine innspel på kva som skal til for å auke nyskapinga. Me arbeider for å gjere kommunar og fylkeskommunar betre i stand til å møte krav og behov frå næringslivet. Og me ser på kva som skal til for å få ei betre fordeling av kompetansearbeidsplassar over heile landet. Dette blir eit sentralt tema i den komande stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken.
 
Ikkje gamaldags
Eg kunne nemnt fleire aktivitetar, alle gode døme på at me ikkje har noko gamaldags syn på næringsliv og verdiskaping. Som Schanke Eikum er eg overtydd om at dynamikken mellom næringsliv og offentleg sektor er viktig for verdiskaping og velferd. Men skal dynamikken ha kraft, må det vere gjensidig respekt og ikkje lettvinte løysingar som dominerer ordskiftet.