Historisk arkiv

Leserinnlegg om kommunesamanslåingar

Færre kommunar ikkje svaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Norske kommunar har mange utfordringar. Ei storstilt samanslåing av kommunar med tvang løyser neppe nokre av dei, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Norske kommunar har mange utfordringar. Ei storstilt samanslåing av kommunar med tvang løyser neppe nokre av dei.

Nyleg var eg invitert til den årlege konferansen til NHO. I utgangspunktet var temaet samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor og utvikling og omstilling i kommunesektoren. Det handla mest om kommunesamanslåingar.

NHO svarar det same
Ja, nesten uansett kva spørsmålet er når det gjeld offentleg forvalting, svarer NHO færre kommunar og meir konkurranseutsetting. Det er overraskande.

Det er ikkje talet på kommunar eller folkesetnaden i Noreg som plagar norske næringslivsleiarar. Kanskje er det fordi dei har skjønt at små kommunar ikkje trugar norsk konkurranseevne og verdiskaping.

I debatten om kommunestorleik kan det vere nyttig å minne om at det per 1.1. 2011 var 163 kommunar med 3000 innbyggjarar eller færre. Dei representerer vel 284 000 menneske, seks prosent av samla folketal i Noreg. Mange av desse er store geografiske einingar med spreidd folkesetnad. 

Kommunar samarbeider
Ingen nektar desse kommunane å slå seg saman med naboen. Staten dekkjer utgiftene og eg har endra regelverket slik at kommunane no får behalde inntektene sine i 15 år. Men noko press for samanslåingar er det ikkje. Kommunar samarbeider over kommunegrenser der det er naudsynt. Samstundes ser dei verdien av ta vare på lokaldemokratiet og lokal tenesteyting.

Å tru at velferdsstaten Noreg sparar store summar på å tvinge desse og andre kommunar saman, er i beste fall naivt. Heller ikkje frå Høgre-styrte kommunar i tettbygde og samanvekste område er det noko krav om samanslåingar.

Angrip veldriven sektor
NHO-leiinga angrip to verdiar med sin kampanje for færre kommunar.  Det eine er ein i all hovudsak veldriven og omstillingsdyktig kommunesektor. Det andre er den spreidde folkesetnaden i landet. NHO gløymer at norsk verdiskaping er bygd på evna til å hauste av ressursane over heile landet.

Skal me makte å få fram nye gründerar, nye arbeidsplassar og næringsverksemd treng me gode lokalsamfunn over heile landet. Det må vere nærleik mellom lokale styresmakter og lokalt næringsliv.

Eit godt døme fekk eg nyleg demonstrert i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Der sto møtte ordførar og rådmann personleg opp då Bano, ei verksemd som mellom anna har spesialisert seg på baderomsløysingar for eldre, ville starte aktivitet på Sandane. – Kva kan me gjere for dykk? var spørsmålet.

Slik tenkjer ei kommuneleiing som veit at dei må konkurrere om merksemd og for å framstå som ein attraktiv kommune.

Noreg blir ikkje eit rikare land om me reduserer dette mangfaldet, rotfesta i natur og kultur. Tvert om trur eg det vil auke dei geografiske skilnadene og dermed redusere både verdiskaping og velferd.