Innlegg sendt alle aviser
Lokal næringssatsing gjev gode resultat
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Tale/innlegg | Dato: 01.03.2012
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Norske kommunar skal vere drivkrefter i utvikling av sine lokalsamfunn. Det gjeld ikkje berre tenester, men også verdiskaping og arbeidsplassar.
Norske kommunar skal vere drivkrefter i utvikling av sine lokalsamfunn. Det gjeld ikkje berre tenester, men også verdiskaping og arbeidsplassar.
Men kva skal til for å skape næringsvekst i lokalsamfunna? Kva tyder innsatsen frå kommunane ? Verker tiltaka?
Me har nyleg fått gode svar på nokre av desse spørsmåla: Dei pengane me nyttar i lokale næringsfond gjev god avkasting.
Lokal innsats viktig
Nyleg gjennomførte Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) ei evaluering av dei kommunale og regionale næringsfonda. Formålet var å vurdere kva bidrag dei har gjeve til lokal nærings- og samfunnsutvikling.
Fonda har medverka til å styrkje, sikre eller etablere arbeidsplassar. Ofte skjer det i form av vidareutvikling av etablerte verksemder.
Evalueringa stadfester dermed noko eg alltid har meint – lokal innsats er viktig. Og dei beste resultata finn me faktisk i dei minste, og dei minst sentrale, kommunane. Her har bidraget frå kommunen eller regionrådet hatt størst effekt. Det seier dei som har fått midlar til verksemd eller prosjekt.
I tillegg gjer det kommunen meir attraktiv for busetjing, som reisemål eller som lokaliseringsval for verksemder.
Støttar regional utvikling
Difor er eg nøgd med at me støttar regional- og lokal utvikling i hele landet, mellom anna med 225 millionar kroner til desse fonda på statsbudsjettet i år. Alt i alt har regjeringa løyvd om lag 2,7 milliardar kroner til den særskilde distrikts- og regionalpolitikken. Mykje av desse midlane blir disponerte av fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og SIVA.
Dette kjem på toppen av satsing gjennom andre sektorar enn dei KRD har ansvaret for.
Kraft nedanfrå
Utviklingskrafta kjem nedanfrå. Difor er det viktig at kommunane tek ansvar for lokal nærings- og samfunnsutvikling. Evalueringa viser at fonda har særleg verdi for å styrke kommunen eller regionrådet som pådrivar for lokal nærings- og samfunnsutvikling.
Korleis kommunane og regionråda vel å ta denne rolla vil variere. Evalueringa rår ikkje til ei organisasjonsløysing for alle kommunar. Her må kommunane starte med å sjå på sine lokale behov og ressursar.
Evalueringa gjev grunnlag for ein viktig konklusjon: Midlane medverka til å nå dei nasjonale måla for distrikts- og regionalpolitikken. Det er me glade for!
I 2013 skal regjeringa legge fram ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikk. Evalueringa har gitt oss viktige innspel.
Me skal sikre at me fører suksesshistoria om norsk distrikts- og regionalpolitikk vidare også i framtida.