Historisk arkiv

Saman om ein betre kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Ved å generere ny kunnskap og få fram gode eksempel som andre kommunar kan lære av, vonar eg at Saman om ein betre kommune vil bidra til å gje heile Kommune-Noreg eit stort kvalitetsløft, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i denne kronikken.

Hausten 2011 vart 56 kommunar med i utviklingsprogrammet Saman om ein betre kommune. Prosjektet er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, KS, LO Kommune, YS Kommune, Unio og Akademikerne. Gjennom programmet får kommunane økonomisk støtte til lokale prosjekt som omhandlar sjukefråvere, kompetanse og rekruttering, heiltids/ deltidsproblematikken og omdøme.

I prosjektperioden vert kommunane delt inn i kompetansenettverk med tilgang til ressursmiljø og faglig fellesskap med andre kommunar. Dei skal drive utviklings- og fornyingsarbeid og finne gode, og kanskje også nye måtar å jobbe med gamle problemstillingar på. Dette kan vere alt frå korleis ein organiserer dei kommunale tenestene eller brukar ny teknologi, til korleis ein mest hensiktsmessig samarbeidar med pårørande, frivillig sektor og andre.

Allereie no ser ein lovande resultat av arbeidet kommunane har lagt ned. I Brønnøy kommune, kor ein arbeidar med strategisk kompetanseheving, har ein mellom anna byrja tilby gutar sommarjobb i barnehage for å rekruttere fleire menn til sektoren. I Tana kommune har dei redusert sjukefråveret kraftig ved hjelp av dialogmøter mellom den tilsette, arbeidsgjevar, lege og Nav.

Skal ein lukkast med fornyings- og omstillingskulturen i kommunane, er det svært viktig med lokal forankring. Ein av føresetnadane for programmet er at folkevalde, administrative leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde i alle arbeidstakarorganisasjonane på lokalt plan vert involvert i utforming og rapportering.

Dyktige og nøgde medarbeidarar, medvitne politikarar og gode leiarar skaper gode tenester. Dette gagnar ikkje berre innbyggjarane landet rundt, det fører også til innsparingar i kommunane.

Ved å generere ny kunnskap og få fram gode eksempel som andre kommunar kan lære av, vonar eg at Saman om ein betre kommune vil bidra til å gje heile Kommune-Noreg eit stort kvalitetsløft. Til hausten er det nytt opptak til programmet, og eg håpar på stor interesse frå Kommune-Noreg til å å bli med på nybrottsarbeidet.