Historisk arkiv

Folk skal bu bra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg i Klassekampen 16. april 2013.

Medan debatten rasar om høge bustadprisar og unge som ikkje får kjøpt den første bustaden sin, er det lett å gløyme dei som verkeleg slit. Å hjelpe dei som fell utanfor, er ei nasjonal oppgåve med høg prioritet.

Medan debatten rasar om høge bustadprisar og unge som ikkje får kjøpt den første bustaden sin, er det lett å gløyme dei som verkeleg slit. Å hjelpe dei som fell utanfor, er ei nasjonal oppgåve med høg prioritet.

Sjølv om dei aller fleste av oss bur svært bra, treng mange hjelp. Fleire har fått hjelp dei siste 10-15 åra. I dag har me god kunnskap om både utfordringane og løysingane. No skal me gjere meir av det me veit fungerer.

Ny nasjonal strategi
Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken. Der varslar me ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid.

Ambisjonane er klare. Regjeringa vil:

  • skaffe fleire vanskelegstilte på bustadmarknaden ein eigna stad å bu
  • syte for god oppfølging av dei som treng hjelp til å meistre buforholdet og kvardagen
  • styrkje det bustadsosiale fagmiljøet

Bustaden må sjåast i samanheng med andre velferdsområde, som arbeid, utdanning, helse og sosiale tenester. Bustadpolitikken kan med andre ord ikkje løyse dei bustadsosiale oppgåvene aleine. Difor er me fem statsrådar som står bak strategien.

Særlege innsatsområde
Nokre grupper må få særleg merksemd og hjelp. Bustaden er ei viktig ramme for oppveksten til barn og unge. Barnefamiliar skal difor ha tilfredsstillande buforhold.

Eit tiltak for å betre bustabiliteten for barnefamiliar kan vere å utvide minstetida for leigeavtaler frå tre til fem år. Eg vil difor sende eit slikt framlegg på høyring.

Auke tilskot til utleigebustader
Kommunane har busett mange flyktningar dei siste åra. Likevel er det eit stort behov for å busetje fleire. Mangel på eigna bustader er ofte ein årsak til at kommunane ikkje kan ta imot fleire flyktningar. For å støtte opp om busetjinga, vil me auke tilskot til utleigebustader for flyktningar og andre prioriterte grupper.

Personar med rusproblem og psykiske lidingar er den gruppa som lengst og oftast er utan ein fast stad å bu. Ein fast stad å bu er eit gode i seg sjølv, men det er også viktig for at helse- og omsorgstenester skal vere verksame. Eg vil bidra til at det blir fleire bustader og tenester til denne gruppa i tida som kjem.

Rett hjelp til rett tid
Det å skaffe seg ein stad å bu, er først og fremst eit sjølvstendig ansvar. Samstundes er det mogleg å førebyggje at folk får bustadproblem. Det er spesielt viktig at folk har ein stad å bu etter frigjeving frå fengsel og utskriving frå institusjon. Rett hjelp må kome til rett tid. Då må offentlege instansar vere medvetne ansvaret sitt og samarbeide med kvarandre.

Konferanse i dag
Saman med KS, arrangerer me årlege leiarkonferansar om bustadsosial politikk. I dag går den sjette leiarkonferansen av stabelen, og oppmøtet ser ut til å bli rekordhøgt. Det vitnar om eit stort kommunalt engasjement for dei som sit nedst ved bordet.

Kunnskapen, viljen og verkemidla er til stades for å intensivere innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden – noko som lovar godt for arbeidet i åra som kjem.