Historisk arkiv

Vekst i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Sendt alle redaksjoner 22. februar 2013

Veksten i folketalet er framleis særs høg i Noreg. Det viser heilt nye tal som SSB la fram i dag, torsdag 21. februar. Dette er eit fantastisk godt utgangspunkt for vekst og verdiskaping i heile landet.

Statistikken som syner endringar i folketalet i norske kommunar i 2012, viser at så mange som 300 kommunar hadde vekst i folketalet i fjor. Dette er noko færre enn toppåret i 2011, men framleis historisk høgt. SSB har detaljerte historiske oversyn over utviklinga i kvar einskild kommune attende til 1951. Korrigert for talet på kommunar som har eksistert i perioden (frå 744 i 1951 til 428 i dag), har det ikkje i noko år vore fleire kommunar med auke i folketalet enn dei siste fire åra.

Veksten finn me frå nord til sør, i store og små kommunar og i sentrale og mindre sentrale område.

Den største veksten finn me likevel i område der det bur mange menneske frå før. I hovudstadsregionen og i andre storbyregionar fører den store veksten med seg særskilde utfordringar. Veksten får følgjer for mellom anna infrastruktur, bustadmarknader, levekår, tenestetilbod og integrering. Pressproblema må løysast på to måtar. På den eine sida må offentlege planar ta høgd for den sterke veksten som er varsla dei komande åra. På den andre sida må me sikra ei meir balansert utvikling i Noreg. Det siste er ei problemstilling eg adresserer i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken som snart ligg føre.

Kø av flyttebilar?
Det er likevel ikkje slik at det står flyttebilar i kø frå distrikta og inn mot Oslo. Det er ikkje slik at folk frå heile Noreg tek med seg katten og kompetansen sin og forlet hus og heim for storbyliv og fancy kaffe.

Dei som trur det er ei einsidig folkevandring frå distrikt til by tek feil!

For går me bakom flyttetala, ser me òg at mange flyttar inn og ut av både byområde og distrikt. Svært ofte er tala på inn- og utflyttarar jamstore.

I sum flyttar det framleis fleire frå distrikta enn til distrikta, men det er i liten grad dette som gjev storbyane vekst i dag. Mykje innvandring og stort fødselsoverskot er årsak til om lag 90 prosent av veksten i storbyane dei siste åra.

Ønsk velkomen
Tilflyttinga gjev både moglegheiter og grunn til optimisme i norske distriktskommunar – ikkje minst hjå dei som slit med folketalet.

Mi utfordring til desse distriktskommunane er: Ta raust, offensivt og godt imot dei folka som kjem til dykk. Opne hjarta og kvardagen dykkar!

Det gjeld ikkje berre tilsette på offentlege kontor eller andre som møter dei nyinnflytta ”offisielt”. Mi utfordring går til lokalpolitikarar og bedriftsleiarar - og ikkje minst til oss andre som kollegaer, naboar, trenarar på smågut-laget i fotball, ein av dugnadsgjengen i grenda: Ta vel imot innflyttarane. Ønsk dei velkomne og inkluder dei i kvardagen.

Dei kommunane som er vinnarane i framtida, det er dei rause kommunane. Dei som veit å bruke moglegheitene.

Arbeid og trivsel
Om ikkje lenge, legg eg som nemnt fram ei ny stortingsmelding om distriktspolitikken. Målet med den politikken regjeringa fører er å syte for at me nyttar både dei menneskelege og dei naturgjevne ressursane på best mogleg måte. Slike ressursar har me i heile landet vårt.

For å bruke desse ressursane godt nok, skape vekst, næring og trivsel i heile landet, treng me ein medviten, målretta og konstruktiv distriktspolitikk. Difor vil me frå Kommunal- og regionaldepartementet si side halde fram med å støtte opp om tiltak som gjer lokalsamfunn meir attraktive å bu i.

Arbeid og ein stad ein trivs er grunnleggande når ein vel kor ein vil busetje seg.

Frå regjeringa si side legg me til rette for arbeid og velferdstenester.

Varmen og trivselen i bygd og by har kvar enkelt av oss eit ansvar for.